Sumakslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Sumakslekta
Fluweelboom plant Rhus typhina.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Sapindales
Familie: Anacardiaceae
Underfamilie: Anacardioideae
Slekt: Sumakslekta Rhus
L., 1753

Sumakslekta er ei planteslekt i familien Anacardiaceae. Ho omfattar rundt 250 artar av buskar og tre i Nord-Amerika, Aust-Asia og Afrika. Dei har oftast finna blad.

Sumakartar er rike på garvestoff (sumak) og blir brukt ved garving av finare lêrvarer. Dei tørka og knuste fruktene frå nokre artar blir brukt som krydderet sumaka i matlaging frå Midtausten.

Slekta omfattar nokre berykta artar som amerikansk giftsumak (R. toxicodendron), som forårsakar eit særs ubehageleg utslett. Harpiksen av R. vernicifera og R. succedanea, som veks i Aust-Asia, utgjer råvarer for japansk lakk. I Noreg blir enkelte sumakartar dyrka som prydbusker. Desse er blitt innført frå Nord-Amerika, og omfattar mellom anna hjortesumak (R. typhina).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]