Summasjonsforsterkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Summasjonsforsterkar er ein forsterkar som summerer spenningane på inngangane[1][2]. Det kan vera to eller fleire inngangar. Summasjonsforsterkar er som oftast bygd kring ein operasjonsforsterkar og blir nytta som byggeklossar i ei rekkje ulike krinsar.

Summasjonsforsterkar med to inngangar[endre | endre wikiteksten]

Summasjonsforsterkar med to inngangar.

Den inverterande inngangen ligg på virtual jord, så og . På grunn av at inngangsimpedansen til operasjonsforsterkaren er svært stor vil summen av og , , gå gjennom tilbakakoplingsmotstanden . Utgangsspenninga blir da

Minusteiknet syner at forsterkaren er inverterande. Dei to inngangsspenningane kan vektast ulikt ved å velja ulike verdiar på motstandane.

Summasjonsforsterkar med N inngangar[endre | endre wikiteksten]

Summasjonsforsterkar med N inngangar.

Ein summasjonsforsterkar kan ha eit vilkårleg tal med inngangar. Analysen fylgjer same mønster som når det er berre to inngangar. Utgangsspenninga kan uttrykkast

Dei N inngangsspenningane kan vektast ulikt ved å velja ulike verdiar på dei N motstandane på inngangane, noko som kan utnyttast til dømes i samband med krinsar som nyttar totalssystemet.

Subtraktor[endre | endre wikiteksten]

Om ein ynskjer å subtrahera spenninga(ne) på ein eller fleire av inngangane frå dei andre kan ein invertera spenninga(ne) før dei går til summasjonsforsterkaren, ved hjelp av inverterande forsterkarar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. R.F. Coughlin og R.S. Villanucci, Introductory operational amplifiers and linear ICs, Prentice-Hall1989.
  2. S, Franco, Design with operational amplifiers and analog integrated circuits, WCB/McGraw-Hill, 1998.