Summer Nights frå Grease

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Summer Nights
Singel av John Travolta og Olivia Newton-John
frå albumet Grease OST
B-side «Rock and Roll Party Queen» (framført av Louis St. Louis)
Utgjeve 25. august 1978
Sjanger Pop, musikal
Lengd 3:35
Selskap RSO
Låtskrivar(ar) Jim Jacobs, Warren Casey
Olivia Newton-John-kronologi
«You're the One That I Want»
(1978)
Summer Nights «Hopelessly Devoted to You»
(1978)
John Travolta-kronologi
«You're the One That I Want»
(1978)
Summer Nights «Sandy»
(1978)


«Summer Nights» er ein popsong frå musikalen Grease. Han er skriven av Jim Jacobs og Warren Casey,[1] og den mest kjende versjonen vart spelt inn av John Travolta og Olivia Newton-John for filmversjonen av musikalen i 1978 og gjeven ut som singel same året.

«Summer Nights» vart ein stor hit i både USA og Storbritannia sommaren 1978. Han finst på filmmusikkalbumet frå filmen og var ein av fleire hitsinglar frå filmen. Delar av songen vart introdusert for eit nytt publikum då han vart gjeven ut i 1990-åra som ein del av ein medley av fleire songar frå filmen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I filmversjonen av Grease, spelar Travolta og Newton-John hovudrollene Danny Zuko og Sandy Olsson.[2]

Songen handlar om ei sommarforhold mellom Danny og Sandy, som enda då Sandy skal flytte attende til Australia med familien sin. Sandy får etter kort tid vite at familien hennar skal bli verande i USA og byrjar så på Rydell High School, der Danny òg er elev.[3]

Kvar for seg møter både Danny og Sandy venen sine og fortel om sommarforholdet.

Lister[endre | endre wikiteksten]

«Summer Nights» nådde femteplassen på Billboard Hot 100,[4] og låg to veker på tredjeplassen på Cash Box-lista.[5] Songen låg sju veker på toppen av singellista i Storbritannia.[6] Denne singelen tok då over for «You're the One That I Want», frå same filmen, og Travolta-Newton-John hadde då lege samanhengande 16 veker på førsteplassen i Storbritannia i 1978. I Noreg nådde singelen andreplassen i fire veker mot slutten av 1978, medan «You're the One That I Want» samstundes låg på førsteplassen.

I 2010 rangerte Billboard songen på niandeplassen på lista deira over beste sommarsongar gjennom tidene.[7]

Songen har per 2010 seld 3,2 millionar eksemplar.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Brighton-bandet 14 Iced Bears spelte songen i 1990 for Alvin Lives (In Leeds
  • Ska-punkbandet Less Than Jake spelte songen i 1996 for EPen «Greased».
  • Songen er framført i fleire fjernsynsseriar og reklamar, som Glee.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grease (1978) - Soundtracks». IMDb.com. Henta 26. august 2014. 
  2. «Grease (1978)». IMDb.com. Henta 26. august 2014. 
  3. «Grease (1978) - Plot Summary». IMDb.com. Henta 26. august 2014. 
  4. «Billboard Top 40 Hits (1978) at cyList». Cylist.com. Henta 26. august 2014. 
  5. «Cash Box Top 100 10/07/78». 50.6.195.142. 7. oktober 1978. Henta 26. august 2014. 
  6. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 357–9. ISBN 1-904994-10-5. 
  7. «Top 30 Summer Songs». Billboard.com. Henta 26. august 2014. 

0