Sumpeitermaur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sumpeitermaur
Sumpeitermaur Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Sumpeitermaur
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevenger Hymenoptera
Familie: Maur Formicidae
Slekt: Eitermaur Myrmica
Art: Sumpeitermaur M. gallienii
Vitskapleg namn
Myrmica gallienii

Sumpeitermaur (Myrmica gallienii) er ein eitermaur som byggjer bol heilt i vasskanten. Arbeidarar vert 4–5,5 millimeter og både dronningar og hannar 5,5–6 millimeter. I Noreg vart arten funnen for fyrste gongen i 2017 i Hof i Vestfold.

Bola til sumpeitermaur slepp ikkje inn vatn, slik at dei toler flaum. Maurindivid utsette for flaum vil flyta på vassyta og hengja seg på kvarandre og vegetasjon.

Sumpeitermaur lever på ulike typar sumpmark og strender, både i innlandet og langs kysten.

Arten liknar på hageeitermaur, skogeitermaur, småeitermaur og noko på ribbeeitermaur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen nyttar som kjelde og kan innehalda tekst og formuleringar frå artikkelen Sumpeitermaur - Myrmica gallienii skriven av Frode Ødegaard, Arnstein Staverløkk og Jan Ove Gjershaug. Artikkelen vart utgjeven av Norsk institutt for naturforsking under lisensen CC BY 4.0. Henta 12. juni 2017.
    Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.