Sumpsmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sumpsmett

Status i verda: EN Sterkt truga

Sumpsmett Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Sumpsmett
Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Troglodytidae
Slekt: Cistothorus
Art: C. apolinari
Namn på andre språk
  • Engelsk: Apolinar's Wren
  • Vitskapleg namn
    Cistothorus apolinari
    Chapman, 1914

    Sumpsmett (Cistothorus apolinari) er ein fugl i gjerdesmettfamilien som er endemisk til Colombia.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Han er ein liten smett på 12 centimeter med brun fjørdrakt, har mørke flekker på ryggen og mørke tverrstriper på halen. Ein underart har lys, nesten kvit underside.

    Songen består hovudsakleg av låge tonar, med ein karakteristisk lyd av tvii og territorielle rop høyrast ut som tjorr. Fuglen lever av edderkoppar og små insekt. Vanlegvis gøymer dei seg i sumpar og i sivfelt med nærvere av espadana-plantar i dunkjevlefamilien og 'juncales' i storrfamilien. Hekkesesongen er i mars til august.

    Utbreiingsområdet er i sumpområdet sør for Bogotá, og i Andes, Cundinamarca-departementet og Boyacá-departementet, total høgdutbreiing er mellom 2500 og 3900 moh.[1]

    Populasjonen er estimert til å ligge i området 1000 til 2500 individ er trudd å minke sterkt. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Kroodsma et al, 2005
    2. BirdLife International (2015)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sumpsmett