Sundøya i Leirfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 66°0′43.765″N 12°52′55.762″E Sundøya er den delen av øya Alsta/Alstenøya som ligg i Leirfjord kommune, skild frå Alstahaug med Sandnessjøen av fjellrekka Sju søstre. Sør for Sundøya ligg Vefsnfjorden, i aust går Sundet over til Leirfjorden.

Før 1965 høyrde Sundøya to forskjellige kommunar; den sørlege delen av øya høyrde til Tjøtta kommune, og den nordlege delen til Leirfjord kommune. Sundøya har fire grender, frå sør Kvalnes, Åkvik, Sundan og Hellesvika.

Øya har sin eigen skole på Sundøy oppvekstsenter. Det bur om lag 150 menneske på Sundøya. Folketalet har sokke jamnt heile etterkrigstida. Like etter krigen budde det om lag 500 menneske på Sundøya. I 2003 knytte Sundøybrua øya til fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]