Sundar Popo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sundar Popo
Sundarpopo.jpg
Fødd4. november 1943
Død2. mai 2000 (56 år)
Aktiv1969–2000
Verka sommusikar

Sundar Popo HBM, fødd Sundarlal Popo Bahora (4. november 19432. mai 2000) var ein musikar frå Trinidad og Tobago. Han er rekna som opphavet til musikkstilen chutneymusikk, som byrja med hitten hans frå 1969 «Nana and Nani».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sundar Popo var fødd 4. november 1943 i Monkey Town i Barrackpore i DebeTrinidad and Tobago i ein hindufamilie frå den indo-trinidadiske folkegruppa. Han voks opp i ein musikalsk familie. Begge foreldra hans var musikarar, mor hans var songar og faren hans ein velrenommert tassa-trommespelar.[1] Som femtenåring byrja han synga bhajan, hinduiske lovsongar, ved hindutempel og lokale bryllaup for 15-30 cent per opptreden. Popo fekk seg arbeid som vaktmann ved ein fabrkk i Barrackpore, og fekk musikkopplæring av den klassiske indiske songaren Ustad James Ramsawak.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1969 møtte Popo radiomannen og promotøren Moean Mohammed i Princes Town. Mohammed fekk høyra «Nani and Nana», ein song med tekst både på trinidadisk hindustani og trinidadisk engelsk, og fekk meisteren Harry Mahabir til å spela inn songen ved Television House, akkompagnert av British West Indies Airways (BWIA) National Indian Orchestra. Songen fekk stor tyding for indo-karibisk musikk på Trinidad og Tobago. Etter suksessen med «Nani and Nana» brukte Popo meir tid på den musikalske karrieren sin. Han følgde opp «Nani and Nana» med eit album som kombinerte trinidadiske songar med tradisjonell indisk folkemusikk. Totalt spelte han inn over 15 album. Han er best kjend for songen «Scorpion Gyul», som handlar om kjærleik, død og glede. Andre hittar er «Oh My Lover», «Caroni Gyal» (også kjend som «Ladies and Gentlemen»), «Don't Fall in Love», «Surajie My Darling», «Awoh My Darling», «Pholourie Bina Chutney» (også kjend som «Kaise Bani»), «Your Mother’s Love», «Ratiya May Dulaha», «Hum Na Jaibe», «Phoolbasiya», «Chalbo Ke Nahin», «Subhagie Gyul», «Naina Bandh», «Hamaray Lal», «Dulaha Ke Maiya», «Chaadar Beechawo Baalma», «Ab Na Jaibe», og "Saas More Lage" (også kjend som «I Wish I Was A Virgin»). Fleire av songane hans er blitt spelte inn av den indiske duoen Babla & Kanchan frå Mumbai, som hadde stor suksess med sin versjon av "Pholourie Bina Chutney". Popo blei kjend for eit større internasjonalt publikum, og turnerte i India, Europa, Nord-Amerika, Afrika, Fiji, Mauritius, Guyana, Surinam og andre delar av Karibia.[1]

Med Mohan Jaikaran ved JMC som produsent og promotør, og seinare Masala radio, blei Sundar Popo kjend som den nyskapande opphavsmannen til chutney- musikk. Han blei spelt på alle chutney-program i Trinidad og Tobago og i New York by som Jaikaran hadde noko å gjera med. På Jaikaran sine morsdagskonsertar var hovudartisen alltid by Sundar Popo.

Popo vann fleire prisar gjennom karrieren sin. I 1995 vann Black Stalin tittelen Trinidad and Tobago Calypso Monarch med songen "Tribute to Sundar Popo". Andre artistar som har æra Sundar Popo er Devannand Gatto, Terry Gajraj, Rikki Jai, Superblue, Dave Lall, Drupatee Ramgoonai og Chris Garcia.[1] I tillegg til soloalbum har Popo også gjeve ut samarbeid med trinidadiske artisar som Anand Yankarran (bror av Rakesh Yankarran) og JMC Triveni.

Seinare liv, død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Popo fortsette å spela inn og framføra musikk frå sluttan av 1960-åra til slutten av 1900-talet, men svekka helse og syn tvinga han til å trappa ned. Ved Chutney Monarch-tevlinga i 2000 måtta han avslutta konserten sin etter ein song, og han hadde sin siste konsert den 1. april 2000, i Connecticut.[1] 2. mai 2000 døydde han av komplikasjonar knytt til diabetes i heimen sin som han hadde bygd på Lal Beharry Trace i Monkey Town.[1] I gravferda hans kom den trinidadiske statsministeren Basdeo Panday.

Han blei overlevd av tre søner, Hemant, Harripersad og Jaiknath Sundar, og ei dotter, Sundari. Eit barnebarn av Popo, Chandra Sundar, har følgd i bestefaren sitt fotspor som songar.

I San Fernando på Trinidad and Tobago finst det eit auditorium kalla opp etter han, Sundarlal Popo Bahora Auditorium. Det høyrer til Southern Academy for the Performing Arts (SAPA). I dette auditoriet blei det framført eit skodespel om livet hans, Sundar av Iere Theatre Productions Ltd.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Fire gonger vinnar av Indian Cultural Pageant[1]
  • National Award for Excellence
  • Vinnar av Road March-tittelen in St Kitts & Nevis (1971)
  • Local Song category Indian Cultural Pageant (1976)
  • Top Indian vocalist (1988)
  • Sunshine Award for first place in Indian Soca (1993)[1]
  • King of Chutney in South Florida, United States (1993)
  • The National Hummingbird Medal of Trinidad and Tobago (silver) (1993)[1]
  • Caribbean Music Award (1994)[1]
  • Caribbean Bachanal-trofeet (1996)

Album (LP-ar, EP-ar og CD-ar)[endre | endre wikiteksten]

  • Come Dance With The Champ - 1979
  • Hot & Spicy (med Anup Jalota) - 1980
  • Hot & Sweet - 1981
  • The Nana and Nani Man Sings Again - 1982
  • Sundar Fever - 1985
  • The Latest, The Greatest - 1986
  • Sundar Soca - 1986
  • Indian Soca - 1987
  • Screwdriver - 1988
  • Oh My Lover - 1989
  • Nana & Nani Don't Cry - 1989
  • Sundar Popo's Heartbreak - 1990
  • Who We Go Bring Back Again? - 1991
  • Is The Spaner She Want - 1992
  • Sweet Sweet Guyana (med Anand Yankaran)- 1993
  • Children Children Respect Your Mother & Father - 1993
  • Dance Party King - 1994
  • Classic - 1994
  • Cool Yuhself With Cold Water - 1995
  • Musical Voyage: East Meets West - 1998
  • Unity - 1998
  • Friends - 2000

7" og 12"[endre | endre wikiteksten]

  • Nana & Nani bw Indian Moments of Treasure - 1969
  • Play You Mas - 1971
  • Scorpion Gyul bw Phuluwrie Bina Chatnee - 1976
  • Caroni Gyul bw Ab Na Jaibay - 1978
  • Come My Darling bw Sabhagie - 1975
  • Hum Najaiba bw Tears in My Eyes - 1978
  • Maa Ka Mohabat bw Don't Fall in Love - 1977
  • Naina Bandh/Chal Ka Chal - 1986
  • Samdhin Tere/Tere Liye - 1986

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Thompson, Dave (2002), Reggae & Caribbean Music, Backbeat Books, ISBN 0-87930-655-6, s. 218–219.