Sundasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Sundasundet (Détroit de la Sonde)

Sundasundet er eit om lag 200 kilometer langt og mellom 25 og 110 kilometer breitt sund mellom øyane Sumatra og Java i Indonesia. Sundet går frå Javahavet i nord og munnar ut i Indiahavet i sør.[1] Fleire vulkanske øyar ligg i sundet, mellom dei Krakatau.

Sundasundet er ei mykje nytta ferdsleåre for skipstrafikken mellom Indiahavet og Sørkinahavet, med 2 280 passerande skip årleg (2012).[2] Sundet er i gjennomsnitt 50-65 meter djupt, men over eit større område er det berre om lag 18 meter djupt.

28. februar og 1. mars 1942 stod eit stort sjøslag i Sundasundet, mellom Japans marine på den eine sida og USAs marine støtta av Nederland og Australia på den andre.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sunda Strait», Encyclopædia Britannica.
  2. Mohd Hazmi bin Mohd Rusli: Maritime Highways of Southeast Asia: Alternative Straits?, RSIS Commentaries, nr. 024/2012, 10. februar 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]