Sunday Morning av The Velvet Underground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunday Morning
Singel av The Velvet Underground
frå albumet The Velvet Underground & Nico
B-side

Femme Fatale

Språk engelsk
Utgjeve Desember 1966
Innspelt November 1966
Studio Mayfair Recording, New York City
Sjanger pop, psykedelisk pop
Lengd 2:53
Selskap Verve
Komponist Lou Reed, John Cale
Tekstforfattar Lou Reed, John Cale
Låtskrivar(ar)
Produsent Tom Wilson
The Velvet Underground-kronologi 
«All Tomorrow's Parties»
(1966)
Sunday Morning «White Light/White Heat»
(1968)


«Sunday Morning» er ein song av The Velvet Underground. Det er opningssporet på debutalbumet deira The Velvet Underground & Nico frå 1967. Songen vart òg gjeven ut på singel i 1966. Songen er skriven i F-dur.[1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1966 var «Sunday Morning» den siste songen spelt inn for The Velvet Underground & Nico. Han vart tinga av Tom Wilson, som meinte albumet trengde ein song til med solovokal av Nico med potensiale om å bli ein suksessrik singel.

I november 1966 henta Wilson bandet til Mayfair Recording StudiosManhattan. Songen vart skriven med røysta til Nico i tankane av Lou Reed og John Cale ein søndagsmorgon. Bandet hadde tidlegare spelt songen på scenen med Nico på vokal, men då det var tid for å spele inn songen, var det Lou Reed som song solovokal. Nico song i staden korvokal på songen.[2]

Med mål om å skape ein hit for albumet, har «Sunday Morning» ein langt meir frodig og profesjonell produksjon enn resten av songane på albumet. Ideen om å bruke mykje celesta kom frå John Cale, som fann instrumentet i studioet og valde å bruke det på songen. Han spelte òg bratsj og piano og Sterling Morrison, som normalt var andregitarist, spelte bass, trass i at han mislikte instrumentet.[3][4]

I følgje Reed vart temaet i songen føreslått av Andy Warhol. «Andy sa, 'Kvifor lagar du ikkje berre ein song om paranoia?' Eg tenkte det var glimrande så eg kom opp med 'Watch out, the world's behind you, there's always someone around you who will call... It's nothing at all' som eg kjenner er den ultimate paranoide saken å sei om at verda bryr seg nok til å sjå deg.»[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

AllMusic-skribenten Mark Deming skreiv at songen er «draumande pop», den einaste songen av det slaget på albumet.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Sunday Morning» har blitt spelt av mange band og artistar, som Rusty, Villagers, Bettie Serveert, Beck, Chris Coco & Nick Cave, Nina Hagen, James, Oh-OK, Elizabeth Cook, NY Loose, The Feelies, Orchestral Manoeuvres in the Dark, The Queers, Strawberry Switchblade, Wally Pleasant og Matthew Sweet & Susanna Hoffs.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John, Cale; Lou, Reed; Underground, The Velvet; Lou, Reed (31. oktober 2011). «Sunday Morning». Musicnotes.com. Henta 28. april 2021. 
  2. Bockris, Victor (1994). Transformer: The Lou Reed Story. Simon & Schuster. s. 135. ISBN 0-684-80366-6. 
  3. Hoffman, Eric. «Examinations: An Examination of John Cale». Mental Contagion. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 24. oktober 2014. «When I had to play bratsj, Sterling had to play bass, which he hated.»  According to the website, the quote is from John Cale’s autobiography, What’s Welsh for Zen (NY: St. Martin’s Press (2000).
  4. Pinnock, Tom (18. september 2012). «John Cale on The Velvet Underground & Nico». Uncut. Arkivert frå originalen 29. desember 2014. Henta 7. mars 2015. 
  5. Bockris, p. 134-145
  6. Deming, Mark. «The Velvet Underground & Nico – The Velvet Underground». AllMusic. Henta 8. mars 2020. 
  7. «Full Albums: The Velvet Underground & Nico - Cover Me». Covermesongs.com. 5. august 2010. Henta 29. september 2016.