Sunde i Sunnhordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre stader med same namnet, sjå Sunde.
Sunde
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvinnherad
Postnummer 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND

Sunde i Sunnhordland
59°50′12″ N 5°43′1″ E

Sunde er ei bygd i Kvinnherad kommune i Vestland. Staden ligg sørvest på Folgefonnhalvøya. Statistisk sentralbyrå reknar Sunde og Valen for ein tettstad, Sunde/Valen, med til saman 1 798 innbyggjarar (2007).

I tillegg til sardinfabrikk og hermetikkindustri var skipsbygging viktig for framveksten til Sunde tidleg på 1900 talet. Med arbeidsplassar og industri følgde servicetilbod som legekontor, post og mange butikkar. På 1950-talet var Sunde eit trafikknutepunkt og handelssentrum. Men etter at industrien vart avvikla og ferjestøet flytta til Opsangersneset rundt 1980, forsvann også dei fleste servicetilboda.

Frå ferjekaien på Opsangerneset ved Sunde gjekk ferja til Ranavik, Skjersholmane og Jektevik fram til 2008. Ferjekaien blir no brukt som stoppestad for snøggbåt.

Sunde har ei båthamn der ein kan ligge mot avgift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]