Sune Nordgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sune Nordgren
Sune Nordgren in 2018.jpg
Fødd 8. mars 1948
Lund i Skåne
Yrke kunstnar, designar

Sune Nordgren (fødd 8. mars 1948 i Lund i Sverige) er ein svensk museumsmann. Han var direktør for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design frå 2003 til 2006. Han har tidlegare mellom anna vore direktør ved Baltic Centre for Contemporary Art i Gateshead i England.

Nordgren vart fødd i Lund, men voks opp i Åhus i Skåne. Mellom 1970 og 1974 utdanna han seg ved Grafikskolan Forum i Malmö og arbeidde i nærare ti år som kunstnar, formgjevar og illustratør. I 1975 starta han saman med kona si, Marianne, kunsttidsskriftet Kalejdoskop, og tre år seinare, i 1978, Kalejdoskop Förlag. Han har også arbeidd som kunstkritikar for Sydsvenskan, Dagens Nyheter og i radiokanalen P1 for Sveriges Radio. Frå 1986 til 1989 leidde han fleire kunstprogram for Sveriges Television. I 1990 vart han så sjef for Malmö konsthall, og seks år seinare, i 1996, direktør for International Artists' Studio Program in Sweden i to år. I 1998 vart han sjef for og fekk ansvaret for å byggje opp Baltic Centre for Contemporary Art i Gateshead. Han vart utnemnd til direktør for det norske Nasjonalmuseet i 2003, og fekk ansvaret for samanslåinga av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet og Riksutstillingene til ein felles institusjon.

Nordgren si tid som direktør for Nasjonalmuseet har vore omdiskutert, på same måten som tida hans i Baltic Centre var det. I norske aviser har han vorte klaga for manglande kunstfagleg kompetanse, spesielt for å kunne lite om norsk kunsthistorie. Han har dessutan vorte kritisert for store underskot, for samarbeidsproblem og for å ta all kritikk personleg. Ei av utstillingane på Nasjonalmuseet måtte stenge grunna bemanningssituasjonen. Ein av dei fremste kritikarane hans har vore tidlegare kulturminister Lars Roar Langslet. Nordgren gav seinare til kjenne at han ikkje visste at Langslet hadde vore kulturminister.

Då han annonserte avgangen sin, sa Nordgren sjølv til Aftenposten at «kritikken har vore sterk og til tider så personretta at eg av og til har følt meg demonisert, men dette er ikkje grunnen til at eg har valt å seie opp stillinga.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]