Sunette Viljoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunette Viljoen


Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 6. oktober 1983 (40 år)
Johannesburg
Idrett friidrett, cricket
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2014

Sunette Stella Viljoen (fødd 6. oktober 1983) er ein sørafrikansk idrettsutøvar som har vore aktiv i både friidrett og cricket. Ho vann sølvmedaljen i spjutkasting ved Sommar-OL 2016, tidlegare fekk ho VM-bronse i same øvinga i så vel 2011 som i 2015.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

I VM-finalen 2011 i Daegu forbetra Viljoen den sørafrikanske spjutrekorden med to meter til 68,38 m og sikra seg bronsemedaljen i tevlinga. Den 9. juni 2012 presterte ho sitt livs lengste kast ved eit stemne i New York, spjutet landa på 69,35 meter. Under sommarleikane i London to månader seinare kasta ho 64,53 m, 40 cm for kort til å ta bronsen. Derimot vann ho ein ny bronse ved Beijing-VM i 2015, etter eit bestekast på 65,79 m. Då Sommar-OL 2016 fann stad i Rio de Janeiro kneip Viljoen med sine 64,92 meter sølvmedaljen framom tre andre utøvarar som alle kasta 64,60 m og lengre.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Cricket[endre | endre wikiteksten]

Viljoen var 2000-02 sørafrikansk landslagsspelar i cricket. Ho deltok då i verdsmeisterskapen 2000 i New Zealand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]