Sunndaling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sunndalsøramål)

Sunndal er ein kommune på indre Nordmøre, først og fremst kjend for det store aluminiumsverket i kommunesenteret, tettstaden Sunndalsøra.

Sunndakommune består av fleire delar, sjølve Sunndalen frå tettstaden og opp til Oppdal, Litledalen som au endar i tettstaden ved fjorden, Øksendalen og Jordalsgrenda vestanfor og Ålvundeid og Ålvundfjord nordanfor Sunndalsøra.

Dialektane i Sunndal er alle nordmørsdialektar, med grunnleggjande målmerke som kløyvd infinitiv og austnorsk trykkplassering i ord som dialekt, til dømes. Alle dei ulike delane av kommunen har framleis visse særmerke som det vil føre for langt å gå inn på her.

Bygdamåla og tettstadmålet + Peder[endre | endre wikiteksten]

Dei mest markante skilnadene finn ein mellom målet i tettstaden Sunndalsøra pluss bustadfelta på nærliggjande Grøa på den eine sida og målet i bygdene omkring, altså resten av kommunen på den andre. Tettstaddialekten er eit typisk «bymål» i den forstand at det er skjedd ei forenkling av systemet i dei nærskylde bygdemåla. Eit døme på slik forenkling er bortfall av dativ. Tettstadmålet har au mista palataliseringa av konsonantane i midten av ord som å ligga, tenke(r) og spekemat. der bygdemåla har å liggja, tenkje(r) og spikkjemat. I infinitiv av verb som å tenkje har både tettstads- og bygdemåla bortfall av den svake endevokalen, slik at alle seier å tenk. Tettstaddialekten har dessutan former som tar og tatt i staden for tek og teke (uttala tikkje), men har likevel andre verbformer med omlyd, som kjem, søv, held og fer (presens av å fara). Der ein brukar infinitiv med éi staving, har tettstadmålet svak verbbøying, som i gi-gir-gitt, mens der infinitiven har fleire stavingar har ein sterk bøying, som i fara-fer-fare (uttala om lag /færra-fær-forre/) eller flyge-flyg-floge (uttala om lag /flyg'-flyg-fløgge/). Dette skiljet er typisk for mange bymål, og finst i nokon mon i mange av bygdemåla òg, men ikkje så konsekvent.

Skolemålet[endre | endre wikiteksten]

Sunndalsøra-dialekten ligg heilt klart nærmare nynorsk enn bokmål, sjølv om opplæringsmålet i tettstaden er bokmål. Dette har kulturelt-psykologiske meir enn reelt språklege årsaker. I bygdekretsane har dei nynorsk opplæringsmål. I to av nynorskkretsane, Løykja (Grøa) og Gjøra, vart det halde folkeavstemming om målform i barneskolen 30. mai 2006, etter krav frå bokmålsforkjemparar. Men bokmål vann ikkje nokon av desse avstemmingane. Kommunestyret i Sunndal stadfesta 21. juni 2006 at målforma i begge desse kretsane framleis skal vera nynorsk.

Gammal sunndaling[endre | endre wikiteksten]

Eit interessant fenomen er det opphavlege sunndalsmålet i sjølve Sunndalen, som ein no for tida finn att eit stykke oppi dalen. Der seier dei mellom anna i for eg og au for òg, mens ein i resten av kommunen seier e for eg og å for òg. Dette kan ha med samkvem frå gammalt over fjellet til Lesja i Gudbrandsdalen og Eikesdalen i Romsdal å gjera, kan hende.

Dativsforma, som i mange andre vestlandsdialekter, har òg overlevd i det opphavlege sunndalsmålet. Dette vil seie at ein morfologisk skil mellom stillstand og beveging. Det heiter til dømes at ein skal ned på låvinj, men at ein er nede på låvo. Dette er eit morfologisk fenomen som heng att fra gamalt norrøn, men som moderne, sentrumsbasert sunndaling har gjeve slepp på. I staden har ei konform, modifisert akkusativsform overteke dei øvrige bøyingsformene.