Sunnfjord Skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnfjord Skisenter er eit alpinanlegg i Blomlia i Kråkenesmarka, 8 km frå sentrum i Førde i Sogn og Fjordane på vegen mot Askvoll. Bakken ligg frå 340–600 moh. og har ei lengde på 1100 meter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Anlegget opna i 1985. I 1998 vart det investert i snøproduksjonsanlegg, der tre lågtrykkskanonar kan produsere 2-3000 m³ snø i døgnet, avhengig av vertilhøva. Etter at snøproduksjonen kom i gang, har bakken hatt stabil drift på mellom 75-100 driftsdøgn pr. sesong. Bakken har ein tallerkenheis som kan ha med opp til 900 personar. Denne fraktar om lag 110 000 passasjerar i året. Det er òg eit tautrekk for barn og nybyrjarar der.