Sunnhordland Arbeiderblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnhordland Arbeiderblad var partiavisa til Stord Kommunistiske Parti. På 1920-talet hadde dei ei tilsvarande avis som heitte Sunnhordlands Kommunistblad.

Sunnhordlands Kommunistblad kom ut kvar torsdag, og vart gjeven ut i 1927 og -28.

Sunnhordlands Arbeiderblad vart gjeve ut første gong i samband med kommunevalet i 1945. Seinare kom avisa ut regelbunde i -46 og -47, hadde eit opphald, før ho kom ut annakvar månad frå -51 til -54. Seinare kom avisa ut i samband med kommunevala, fram til -63. Redaksjonen var Henry Aas, Torborg Nedreaas og Andreas Rekve, med Aas som redaktør.