Sunni-triangelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Sunni-triangelet, som er eit forenkla syn av området der dei fleste sunnimuslimske arabarane bur.

Sunni-triangelet er ein tett folkesett region i Irak, nordvest for Bagdad, som hovudsakleg er busett av sunnimuslimske arabarar.[1]

Hjørna i det grovt trekanta området vert vanlegvis rekna å liggje nær Baqubah (på austsida av triangelet), Bagdad (på sørsida), Ramadi (på vestsida) og Tikrit (på nordsida). Kvar side er kring 125 km lang. Området omfattar byane Samarra og Fallujah.

Eit kart frå 2003 frå CIA Factbook som syner området som har flest sunnimuslimske arabarar i lyst oransje.

Området var ein sterk støttespelar for den tidlegare irakiske presidenten Saddam Hussein, og mange statlege tilsette, politikarar og militære leiarar frå og med 1970-åra kom frå dette området. Saddam sjølv var fødd like utafor Tikrit.

Etter invasjonen av Irak i 2003 vart området fokus for væpna sunnimotstand mot koalisjonsstyret. Det vart spådd i vestleg presse at Saddam kom til å skjule seg hos sunni-støttespelarane og 13. desember 2003 vart han teken til fange i raid mot landsbyen ad-Dawr kring 15 km sør for Tikrit.

Omgrepet Sunni-triangelet vart nytta av og til frå 1970-åra blant akademiske Irak-spesialistar, vanlegvis for å skilje det frå dei nordlege og sørlege områda av landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ahmed Hashim (2005). Insurgency and Counter-insurgency in Iraq. Cornell University Press. s. 129. ISBN 0-8014-4452-7.