Sunniva Gylver
Sunniva Gylver | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1967 (58 år) Danmark |
Yrke | prest, programleiar, faglitterær forfattar |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Sunniva Gylver på Commons |
Sunniva Gylver (fødd 7. januar 1967) er ein norsk prest som vart vigsla som biskop i Oslo bispedømme i 2025.
Gylver er også forfattar og har tidlegare vore programleiar for fleire livssynsprogram på TV 2 og NRK.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Gylver er utdanna teolog ved Menighetsfakultetet og har i tillegg mellomfag i sosiologi. Frå 1997 til 2003 jobba ho som studentprest ved Høgskolen i Oslo. I 2003 vart ho tilsett som kapellan ved Grønland kyrkje i Oslo. I 2005 vart ho redaktør for bladet Luthersk Kirketidende, som vert utgjeve av Luther Forlag.
Karriere i kyrkja
[endre | endre wikiteksten]Prest
[endre | endre wikiteksten]Gylver byrja yrkeskarrieren som ungdomsprest i Røa og Voksen (1996–1997) og var deretter studentprest ved Høgskolen i Oslo (1997–2003). Ho vart tilsett som kapellan i Grønland menighet i Oslo Domprosti i 2003.[1]
I 2006 vart Gylver den første kvinnelege presten til å tala i ein norsk moské.[2]
Då hp vart utnemnd til biskop i Oslo, var ho sokneprest i Fagerborg kyrkje.[3]
Biskop
[endre | endre wikiteksten]5. desember 2024 vart Gylver vald til ny biskop i Oslo bispedømme.[4] Ho vart vigsla 23. februar 2025 med kong Harald til stades.[5]
Programleiar, skribent og forfattar
[endre | endre wikiteksten]I 1996 leidde Gylver livssynsprogrammet Nåde den som tror på TV 2. Ho fekk programleiaroppdraget på bakgrunn av at vart intervjua i fyrste sesong av programmet. Då gjorde hp så sterkt inntrykk på medprogramleiaren Espen Sletner at han tilbaud henne jobben då programleiaren Per Anders Nordengen fekk andre oppgåver. Ho leidde seinare to andre livssynsseriar, ein på TV 2 og ein på NRK.
Ho gav ut boka Åpen himmel i 2000, og var medforfattar av De store ordene (2006) og Kunsten å bruke følelser (2007).
Gylver var redaktør for bladet Luthersk Kirketidende frå 2005 til 2014, og vore spaltist i Aftenposten, Vårt Land og vekebladet Familien.[6]
Ho vart stipendiat ved MF vitenskapelig høyskole i 2013, og har verka som universitetslektor same stad.[7]
Privatliv
[endre | endre wikiteksten]Gylver var gift med kunstnaren Lars Kristian Gylver (1966-2021) frå 1988 til han døydde.[8][9] Dei fekk tre born saman, blant dei miljøaktivisten Gina Gylver.[10]
Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 2000: Åpen himmel
- 2006: De store ordene – medforfattar
- 2007: Kunsten å bruke følelser – medforfattar
- 2009: Søndager med Sunniva
- 2019: Tro på tvers – medforfattar
- 2022: Midt i alt som er, Kagge forlag[11]
- 2024: Himmel på jord. Tanker for julen, Kagge forlag – illustrert av Anne Kristin Hagesæther[12]
Fjernsynsseriar
[endre | endre wikiteksten]- 1996: Nåde den som tror (livssynsserie), TV 2
- 1997: Deilig er jorden (livssynsserie), TV 2
- 1999: Kassa blanka (livssynsserie), NRK
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Sunniva Gylver». www.mf.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 23. august 2021. Henta 23. august 2021.
- ↑ Hanne Waaler Lier, Wasim K. Riaz (27. februar 2006). «Første kvinne klar til å tale i norsk moské». Aftenposten. Henta 11. september 2018. «Historisk. Som første kvinnelige prest er Sunniva Gylver invitert til å tale i en moské. - Fint det, men hun må tale før fredagsbønnen - da får hun flest tilhørere, utfordrer SV-politiker Akhtar Chaudhry.»
- ↑ NTB (5. desember 2024). «Sunniva Gylver blir ny biskop i Oslo». VG (på norsk). Henta 6. desember 2024.
- ↑ «Sunniva Gylver er ny biskop i Oslo bispedømme» (på norsk). Den norske kirke. 5. desember 2024. Henta 5. desember 2024. «Sunniva Gylver ble vigslet til biskop i en høytidelig vigslingsgudstjeneste i Oslo domkirke 23. februar 2025, der H. M. Kongen deltok.»
- ↑ «Sunniva Gylver vigslet til biskop med kongen til stede». www.bt.no (på norsk bokmål). 23. februar 2025. Henta 23. februar 2025.
- ↑ «Sunniva Gylver Archives». Vårt Land forlag (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 23. august 2021. Henta 23. august 2021.
- ↑ Algrøy, Eivind (30. november 2012). «Sunniva Gylver legger fra seg prestekjolen». Dagen (på norsk bokmål). Henta 23. august 2021.
- ↑ «Råd fra en nybakt enke», Dagsavisen (på norsk), 14. juni 2021, henta 25. april 2025
- ↑ «Lars Kristian Gylver | Dødsannonse», Minnesider (på norsk bokmål), henta 25. april 2025
- ↑ Hovda, Kristine (14. januar 2022), «Engasjementet som stilnet uroen», www.dn.no (på norsk), henta 25. april 2025
- ↑ «Midt i alt som er». Kagge (på norsk bokmål). Henta 7. desember 2024. «Som prest har Sunniva Gylver møtt mennesker i alle livsfaser: fra bryllupets gleder til bisettelsens sorg. Da hennes ektemann gjennom mer enn 30 år døde av kreft, ble hun selv en av de sørgende. [---] I denne boka deler hun erfaringene fra et rikt liv og et stort tap. Hun bidrar med verktøy og råd til å leve med sorgen»
- ↑ «Himmel på jord. Tanker for julen». Kagge (på norsk bokmål). Henta 7. desember 2024. «Julen er et forstørrelsesglass. Det vakre blir enda vakrere, og det vonde blir vondere. Dette er 24 refleksjoner om julen fra en av Norges mest folkekjære prester, vakkert illustrert av Anne Kristin Hagesæther.»
- Denne artikkelen bygger på «Sunniva Gylver» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2019 og 26. april 2025.