Sunniva Hakestad Møller
Sunniva Hakestad Møller | |
Fødd | 5. januar 1907 Haugesund |
---|---|
Død | 30. mai 1995 (88 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Sunniva Hakestad Møller (fødd 5. januar 1907 i Haugesund, død 30. mai 1995) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho representerte Rogaland på Stortinget i tre periodar frå 1958.
Møllers yrkesrøynsle var som ekspeditrise, syerske og hermetikkarbeidar. Etter andre verdskrigen tok ho kurs i kommunalkunnskap og sosialøkonomi. Ho var medlem av Haugesund bystyre frå 1935 til 1956, av formannskapet frå 1948. Ho vart første gong innvald på Stortinget frå 1958 og attvald i 1961 og 1965. Ho var heile tida medlem av sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Sunniva Hakestad Møller» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2015.