Sunniva Rose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunniva Rose
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1984 (40 år)
Yrke fysikar
Språk norsk, engelsk
Sunniva Rose forsvarar doktorgradavhandlinga «Aspects of the Thorium Fuel Cycle».

Sunniva Rose (fødd 7. januar 1984)[1] er ein norsk fysikar og bloggar. Ho har forska på kjernekraft med særleg vekt på thorium.[2]

Akademisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Rose har doktorgrad i kjerne- og energifysikk ved Universitetet i Oslo, der ho forska på bruk av thorium i kjernekraftverk. Ho disputerte for doktorgraden i mars 2017.[3] Doktorgradsoppgåva heitte Aspects of the Thorium Fuel Cycle.[2][4] Ho tok mastergrad i fysikk i 2009 på ei oppgåve om aktinoidavfall frå trykkvassreaktorar.[5] Rose har forska på korleis ein kan redusere mengda radioaktivt avfall med 90 prosent ved å blande thorium med høgopprika uran.[6]

Frå 2013 sat Rose i Ludvigsenutvalet, som i 2015 gav ei utreiing til Kunnskapsdepartementet titulert NOU 2015:8 «Fremtiden skole -Fornyelse av fag og kompetanser.»[7]

Formidling[endre | endre wikiteksten]

Rose er kjend for sin rosablogg, der ho skriv om kjernefysikk, forskingsformidling, klede mote, interiør og oppveksten til dottera. I media har ho argumentert for høgare realfagleg ålmenndanning[8] og for at mediedekking av risiko forårsaka av radioaktiv stråling ofte er sterkt misvisande.[9] Rose er også jamleg deltakar i forskarpanelet i programposten «Abels tårn» i radioprogrammet Ekko på NRK P2. I tillegg var ho i 2015 deltakar i NRK-programmet Big Bang.[10] Rose stilte som prorektorkandidaten til Torkil Vederhus i rektorvalet på Universitetet i Oslo våren 2013.[11]

Rose starta bloggen sin i september 2011, like etter Fukushima-ulukka.[12] Der har ho skrive om interessene sine, frå sko og sminke til kjernefysikk.[13]

I 2015 vart det gjeve ut ein dokumentar, med Rose i hovudrolla, om kjernefysikk. På VGTV si skildring av den norske versjonen av dokumentaren vart han skildra som assosiativ reise.[14] Dokumentaren kom også ut på engelsk.[15] Han vart produsert av Bulldozer film.[15]

Rose har halde føredrag om forsking i mange samanhengar, blant anna for TEDxOslo i 2013.[16]

I 2020 gav Rose ut boka Vi er stjernestøv - kjernefysikk for folk flest.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.naturfagsenteret.no/binfil/download2.php?tid=2076636
  2. 2,0 2,1 Rose, Sunniva Johanne (2017). Aspects of the Thorium Fuel Cycle. Department of Physics, Faculty of Mathematics and Natural Sciences, Univeristy of Oslo. ISSN 1501-7710. 
  3. «Sunniva Rose, PhD -». 31. mars 2017. Henta 2. mai 2017. 
  4. «Disputation: Sunniva Rose - Department of Physics». www.mn.uio.no (på engelsk). Henta 5. mai 2017. 
  5. Sunniva Rose Minimization of actinide waste by multirecycling of thoriated fuels in an EPR Masteroppgave i fysikk - Universitetet i Oslo, 2009
  6. Teknisk ukeblad Denne rosabloggeren er ikke helt som andre 22.04.2013
  7. Ludvigsen, Sten (2015). NOU 2015:8 "Fremtiden skole -Fornyelse av fag og kompetanser (PDF). ISBN 978-82-583-1239-7. ISSN 0333-2306. Arkivert frå originalen (PDF) 29. mars 2017. Henta 5. mai 2017. 
  8. aftenposten.no Skremmende at det er «greit» å skryte av hvor lite realfag man kan 06.04.2013
  9. aftenposten.no Dødsatomer selger best 12.03.2013
  10. «Sunniva Rose». IMDb. Henta 8. mai 2017. 
  11. Rektorvalg 2013
  12. «Rosablogger og kjernefysiker | mamma». www.mamma.no. Arkivert frå originalen 7. november 2017. Henta 8. mai 2017. 
  13. «Rosablogger og kjernefysiker lokker jenter til realfag». Aftenposten. Henta 8. mai 2017. 
  14. «Sushi og kjernekraft». VGTV (på norsk). Henta 8. mai 2017. 
  15. 15,0 15,1 «Sushi & Nuclear (2015)». Henta 8. mai 2017. 
  16. TEDx Talks (15. november 2013). «How bad is it really? Nuclear technology -- facts and feelings: Sunniva Rose at TEDxOslo 2013». Henta 8. mai 2017. 
Commons har multimedium som gjeld: Sunniva Rose