Sunnivaleia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnivaleia er ei pilegrimslei over sjø og land på vestkysten av Noreg, med start i Bergen mot målet som er Selje kloster i Selje i Nordfjord. Som vandrelei er ho planlagt merka (frå sommaren 2013) frå Florø/Kinn i Sunnfjord. Dette utgjer knapt 100 km.

Namn og historie[endre | endre wikiteksten]

Ifylgje legenda stranda den irske Heilage Sunniva med sitt fylgje på Selja på 900-talet. Der fann ho døden. Men utgangspunkt i denne historia utropte Kong Olav Tryggvason Selja som ein heilag stad i 996. Seinare vart Selja eit av dei tre fyrste bispeseta i Noreg. Bispesetet med Sta Sunnivas skrin vart seinare flytta til Bergen, og Sta Sunniva var vernehelgen for Vestlandet og for sjøfarande. På Selja vart det grunnlagt eit benediktinarkloster, som var i drift nokre hundre år. Etter reformasjonen vart det meste av klosteret øydelagt. Tårnet stod. På 1900-talet vart ruinane restaurerte. Dei siste åra har klosterruinane kome meir i fokus. Riksantikvaren har satsa mykje på vidare restaurering, og Seljumannamessa fyrst i juli er eit stort arrangement.

Med oppvakninga av den gamle pilegrimstradisjonen frå 1980-åra av, reiser Selja seg som pilegrimsmål. Den fyrste vandringa langs Sunnivaleia var i 2010. Øya Kinn utanfor Florø har også del i Sunnivalegenda, og med den gamle Kinnakyrkja er det ein naturleg startstad for pilegrimar til Selja. Dei organiserte vandringane startar i Florø, så via Reksta til Kinn. Deretter båt tilbake til Florø og derifrå båt til Smørhamn på Bremangerlandet. Ein når Selja etter ei lita vekes vandring i Bremanger, ev. også Vågsøy kommune. Det har vore prøvd ut ulike trasear. Den eine går gjennom kystbyen Måløy, den andre til Rugsund handelsstad.

Når leia er merka, er ho tilgjengeleg for individuelle pilegrimar.

Selja er eit sjølvstendig pilegrimsmål. Samstundes er det også ein naturleg stoppestad for pilegrimar på veg langs kysten til Nidaros.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]