Sunnmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Møre og Romsdal fylke, med Sunnmøre markert i raudt.

Sunnmøre er eit distrikt som utgjer den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke. Distriktet ligg mellom Nordfjord i sør, Romsdal i nord og Ottadalen i søraust. Sunnmøre utgjorde tidlegare eit eige fogderi, Sunnmærafylki frå mellomalderen. I dag utgjer det to domssokn, Søre Sunnmøre og Sunnmøre, og tre prosti, Søre, Austre og Nordre Sunnmøre. På Sunnmøre ligg kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske og Haram; til saman 5 232 km2 med 141 604 innbyggjarar (1/10-2014).

Landskapet på Sunnmøre er sterkt oppskore med fleire store og små øyar langs kysten. Dei største øyane er Hareidlandet og Gurskøya. Det er også fleire lange og tronge fjordar i området; særleg kjend er Geirangerfjorden som er 15 kilometer lang. I indre strøk, mellom fjordane og dalane innanfor, ligg høge, sterkt kuperte fjellområde. Den høgste fjelltoppen på Sunnmøre er Pyttegga på 1999 moh.

Den største byen på Sunnmøre er Ålesund. I tillegg har området to andre byar: Ulsteinvik og Fosnavåg. Viktige større tettstader er Ørsta, Volda, Sykkylven, Hareid, Nordstrand (Valderøy), Stranda og Brattvåg.

Sunnmørsdialekten høyrer saman med nordfjordmål og sunnfjordmål til dei nordlege e-måla under dei vestlandske målføra — ei gruppe der romsdalsdialekten ofte også er rekna med. Folk frå Sunnmøre blir kalla for sunnmøringar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Sunnmøre[1] er den regionen ein i middelalderen kalla Sunnmǿrafylki. Ordet «møre»[2] kjem av den norrøne dativsforma «á Mǿri» av mǿrr som tyder «land», truleg òg i samanheng med norrønt marr som tyder «hav». Tydinga blir då: «landet ved havet» eller «myrlandet». Sunnmøre må dermed tyde «den sørlege luten av landet ved havet».

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Regionråd:

  • Sunnmøre regionråd: Alle kommunene på Sunnmøre. I tillegg kjem Sandøy og Vestnes i Romsdal.

Prosti i den norske kyrkja, alle under Møre bispedømme:

Kommunar på Sunnmøre[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
1504 Ålesund kommune Ålesund Ålesund 98 Nøytral
1511 Vanylven kommune Vanylven Fiskåbygd 000000000003117.00000000003 117 385 Nynorsk
1514 Sande kommune Sande Larsnes 000000000002461.00000000002 461 93 Nynorsk
1515 Herøy kommune Herøy Fosnavåg 000000000008900.00000000008 900 120 Nynorsk
1516 Ulstein kommune Ulstein Ulsteinvik 000000000008571.00000000008 571 97 Nynorsk
1517 Hareid kommune Hareid Hareid 000000000005175.00000000005 175 82 Nynorsk
1519 Volda kommune Volda Volda 547 Nynorsk
1520 Ørsta kommune Ørsta Ørsta 000000000010825.000000000010 825 805 Nynorsk
1523 Ørskog kommune Ørskog Sjøholt 132 Nynorsk
1524 Norddal kommune Norddal Valldal 944 Nynorsk
1525 Stranda kommune Stranda Stranda 000000000004523.00000000004 523 866 Nynorsk
1526 Stordal kommune Stordal Stordal 247 Nynorsk
1528 Sykkylven kommune Sykkylven Sykkylven 000000000007625.00000000007 625 338 Nynorsk
1529 Skodje kommune Skodje Skodje 120 Nynorsk
1531 Sula kommune Sula Langevåg 000000000009310.00000000009 310 59 Nynorsk
1532 Giske kommune Giske Valderøya 000000000008462.00000000008 462 40 Nynorsk
1534 Haram kommune Haram Brattvåg 261 Nynorsk

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sunnmøre Store norske leksikon
  2. Møre og Romsdal Store norske leksikon

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]