Sunnmøre Historielag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnmøre Historielag vart skipa på eit møte i Avholdshjemmet i Ålesund, 17. februar 1909. Formann første året var Andreas Halvorsen, sokneprest i Borgund. Målet for laget var å få fram «alt av historisk interesse, baade i sagn, klædedragt, indbo etc.» Det skulle gjevast ut eit årsskrift for å gjere stoffet tilgjengeleg. I 1910 kom Tidsskrift for Søndmør Historiske Forening (Sunnmør Sogelag). Årsheftet har vorte utgitt dei fleste åra etter det. I 2010 kom årgang 86.

I 1998 vart Bjarne Rabben og Odd Vollan utnemnde til Sunnmøre Historielag sine første æresmedlemar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ragnar Standal Sunnmøre Historielag i :Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1999
  • Årsmelding i Tidsskrift for Sunnmøre Historielag 1999
  • Tidsskrift for Søndmør Historiske Forening (Sunnmør Sogelag) Sunnmøre Historielag 1910