Sunnmøre Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°27′58″N 6°13′25″E

Båthallane til Sunnmøre Museum sett frå Nørvasundet

Sunnmøre Museum er eit folkemuseum som ligg i Borgundgavlen i ÅlesundSunnmøre. Det har ei omfattande samling av mellom anna hus og båtar. Museet vart stifta i 1931.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ålesund Museum, som vart starta i 1903 miste alt dei hadde av samlingar under Ålesundbrannen eit år etter. Då dei tok opp att arbeidet etter brannen var det mykje gammalt frå bygdene kring Ålesund dei samla inn. I 1910 kom tanken om å opprette eit Sunnmørstun under Ålesund Museum. Det var vanskeleg å finne plass til dette i byen. Kring 1920 vakna interessa for museumsarbeid i fleire bygder på Sunnmøre. Sidan mykje av det Ålesund Museum hadde samla inn kom frå sunnmørsbygdene var det mange som meinte bygdekommunane burde vere representerte i styret. Etter ein heftig strid kom det forslag om dette på årsmøte til Ålesund Museum i mars 1931. Forslaget fekk ikkje det naudsynte to tredjedels fleirtal og vart forkasta. Den 11. april vart Sunnmøre museum skipa. Striden mellom dei to partane heldt fram enno ei tid,[1] og arbeid for samanslåing førte ikkje fram.

Oppbygging av museet[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjebuer flytt til museet frå Stranda

Sunnmøre Museum fekk overta ei festetomt på 28 mål under Borgund prestegard. Sunnmøre Ungdomssamlag stilte som garantist. Dei som stod fremst i arbeidet for å få Sunnmøre Museum skipa, og som stod bak arbeidet med å få det i drift var: Rasmus Buset, Anders Vassbotn, Olai Bjørlykke, Martin Bjørndal og Ivar Myklebust. Dei drog på samleferder rundt på Sunnmøre. Drifta vart frå starten av delvis finansiert ved tilskot frå kommunane; 1,5 øre for kvar innbyggar. På museumsområdet vart det opparbeidd stemneplass, og tilskipingar der gav etter måten brukbare inntekter.

Ut gjennom 1930-talet vart det flytt ein del gamle bygningar til museet. Det vart og starta å bygge eit eldsikkert hus. Sjølv om det ikkje var økonomi til inventar var opningsdatoen sett til 9. april 1940. På grunn av krigsutbrotet vart opning utsett. Under krigen var det mange som fekk nytte det tomme betonghuset til lagerplass, legalt og illegalt. Mange verdfulle arkiv vart mellom anna redda på denne måten. Ein periode låg to lingekarar i dekning i bygget. Det eldsikre huset vart opna 16. juni 1946 av kronprins Olav.

Museet etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Båtsamlinga[endre | endre wikiteksten]

Heilt frå starten overtok Sunnmøre Museum fleire gamle bruksbåtar. For å ta vare på denne etter kvart store båtsamlinga vart det i 1955 reist fire samanhengande båthallar. I 2009 rådde museet over vel 40 båtar. Dei fleste er gamle bruksbåtar av sunnmørstypen og møringstypen. Ein finn og nyare båtar og båtar frå andre distrikt. I 2012 vart det reist ein eigen båthall for permanente utstillingar av mellom anna Kvalsundskipet. Hallen skal og vere vinteropplagsstad for Borgundknarren.

Nokre av dei viktigaste båtane[endre | endre wikiteksten]

Museet samarbeider med Sunnmøre Kystlag og andre båtentusiastar for å skape levande miljø kring båtsamlinga.

Husa i friluftsmuseet[endre | endre wikiteksten]

Fjordmannsstova

Dei første gamle husa vart reist på museet i 1934. Etter kvart vart mange eldre bygningar flytt til museet. Det var mest gamle gardshus som stovehus, fjøs, løe, stabbur, stall, smie, kylne og kvernhus. I nyreisinga av husa la ein vind på å bygge opp tun og miljø som likna det dei hadde vore plassert i. Etter kvart har det kome til hus med tilknyting til sjøen, naust, sjøbu og fiskarstover. I 2009 stod det 55 hus på museet.

Nokre av dei viktigaste husa[endre | endre wikiteksten]

Larsnesbuda ligg ved Katavågen

Faste utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Det eldfaste huset, frå slutten av 1930-talet, har vorte påbygt med kafeteria, auditorium, museumsbutikk, toalettavdeling, kontor, magasin og verkstadar. Dei fleste utstillingane skifter, men nokre er faste frå år til år.

«Middelaldermuseet»[endre | endre wikiteksten]

Bygningen til «middelaldermuseet» er reist over tufte av Borgundkaupangen. Denne handelsstaden frå mellomalderen er delvis utgraven. Arkeologiske funn frå utgravingane er utstilte i «middelaldermuseet». Kaupangområdet ligg søraust for Borgund kyrkje i Ålesund, og ein sti fører frå friluftsmuseet til «middelaldermuseet». «Middelaldermuseet» vart opna i 1987.

Hovdenrommet[endre | endre wikiteksten]

I 1910 fekk diktarpresten Anders Hovden treskjeraren og snikkaren Lars Kinsarvik til å lage eit stas-stove møblement. Desse møblane vart gitt til Sunnmøre Museum av etterkomarane til Hovden. Møblane er laga i den sermerkte kinsarvikstilen, med måla utskjeringar. Mellom mange detaljar finn ein Kari og Anders Hovden skorne i relief. På rommet finn ein og fleire ting som har høyrt til Hovden, som bøker og kopiar av manuskript.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Sunnmøre Museum er ei av deling av Stiftinga Sunnmøre Museum, og har det administrative hovudansvaret for musea som er med i denne stiftinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Einar Knudsen:Ålesund Museum gjennem 30 år. 1903 - 1933. Ålesund Museum 1934
  • Edvard Molvær:Sunnmøre museum 1931-1981. Sunnmøre Museum 1983
  • SUNNMØRE MUSEUM Ein vegleidar til samlingane Styret for Sunnmøre Museum 1954
  • Janikke Carlsen: Lars Kinsarvik. Mannen bak Hovdenrommet på Sunnmøre Museum. Sunnmøre Museum Årbok 1978
  • Åpning av Middelaldermuseet i Borgundgavlen. Gavlen Jula 1987 Sunnmøre Museum og Sunnmøre Museumslag 1987

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ålesund Museum gjennem 30 år