Sunnmøre kammermusikkfestival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmøre kammermusikkfestival blei arrangert for fyrste gong våren 2010 etter initiativ av direktør på Høgskulen i Volda Jacob Kjøde jr., fiolinist Annar Follesø, og komponist og pianist Wolfgang Plagge. På same måte som Den norske dokumentarfilmfestivalen, veks Sunnmøre kammermusikkfestival ut av det aktive miljøet ved Høgskulen i Volda. Festivalen varer til saman ei veke og er situert på søre Sunnmøre i Møre og Romsdal.

Festivalens aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Festivalen består av tre kjerneelement:

  1. Konsertar. Dei tre siste dagane av festivalen er dedikert til kammermusikkonserter i ulike tettstadar på søre Sunnmøre (Volda, Ørsta, Herøy, Ulsteinvik).
  2. Meisterklassar. Dei tre fyrste dagane blir det arrangert meisterklassar for unge musikktalent i regionen.
  3. Seminar. Det blir arrangert seminar for musikkinteresserte. Både seminara og meisterklassane er lagt til lokala til Høgskulen i Volda.

Festivalartistar dei to fyrste åra har mellom anna inkludert Tor Espen Aspaas, Björn Nyman, Marianne Thorsen, Ole Edvard Antonsen, Annar Follesø, Wolfgang Plagge, Berit Norbakken Solset med fleire.

I tillegg vert det kvart år lagt ned eit stort arbeid av frivillige som deltek i festivalen sitt kor og orkester. Desse er rekruttert frå regionen, og er viktige medspelarar under festivalens avslutningskonsert.

Organisasjon og dagleg drift[endre | endre wikiteksten]

Festivalen er drive som eit prosjekt under Høgskulen i Volda. Organisasjonen er bygd opp av frivillige hovudsakleg knytte til høgskulen. I tillegg er noko av den kuntnarlege innsatsen knytt til festivalen sitt kor og orkester leia av personar rekruttert frå regionen. Inntil vidare har festivalen berre ein fast tilsett, dagleg leiar Øyvind Johan Eiksund. Eiksund tok til i stillinga hausten 2011.

Festival i 2012, den tredje i rekkja, er lagt til perioden 30. april-5. mai.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]