Sunnmøringen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnmøringen er ei tidlegare norsk avis som kom ut på Stranda i Møre og Romsdal. Ho hadde kommunane Stranda og Stordal som nedslagsfelt. Frå 2021 vart ho slått saman med Sykkylvsbladet til den nye avisa Nyss.

Siste utgåve av Sunnmøringen kom ut 17. desember 2020.[1]

Ansvarleg redaktør frå 1994 til 2007 var Helge Søvik. Frå 2018 var Renate Furre Henriksen-Sandvær redaktør og dagleg leiar, og ho vart også den siste som hadde denne stillinga før avisa gjekk inn.

Avisa var eigd av Sunnmørsposten.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag

2004 2 092
2005 2 064
2006 1 990
2007 1 986

2009 1 992
2010 1 974
2014 1 822

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sunnmøringen (BuyAndRead)». www.buyandread.com. Henta 24. januar 2021. 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.