Sunnmørsbadet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sunnmørsbadet er eit badeanlegg i FosnavågSunnmøre, opna i mars 2015. Anlegget er på 6400 kvadratmeter fordelt på totalt fem basseng.[1] Badeanlegget hadde 100 000 vitjande i 2017.[2]

Sunnmørsbadet har utgangspunkt i Herøy Fritidsbad som opna i 2004.[3] Behov for renovering av det gamle badeanlegget la grunnlag for planar om å utvida badeanlegget til å verta eitt regionalt anlegg.[1] Totalkostnaden enda på 243 millionar kroner og ei budsjettoverskriding på 63 millionar kroner.[4] Trass i dette kunne Sunnmørsbadet melda om overskot allereie i første driftsår.[5] I 2018 vart Sunnmørsbadet òg nominert til Dagens Næringsliv sin Årets gasellebedrift-pris.[6]

Herøy kommune, Herøy Sanitetsforening, Herøy Revmatikerforening, Olympic Shipping og Havila AS er eigarar av Sunnmørsbadet og drifta skjer utan offentleg støtte.[1][2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Sunnmørsbadet», www.sunnmorsbadet.no (på norsk), henta 19. februar 2019 
  2. 2,0 2,1 Flatval, Jann (20. juni 2018), «Sunnmørsbadet heldt koken i 2017», vestlandsnytt.no (på norsk bokmål), henta 19. februar 2019 
  3. Myren, Torill (24. januar 2013), «Badelandstart om tre veker», smp.no, henta 19. februar 2019 
  4. Høyberg, Lena Stette (12. mars 2015), «Endeleg fekk borna boltre seg i rådyre Sunnmørsbadet», NRK (på norsk bokmål), henta 19. februar 2019 
  5. Tomasgard, Anne-Mari (28. juni 2016), «Sunnmørsbadet gjekk i pluss», smp.no, henta 19. februar 2019 
  6. Spiro, Josefine (12. oktober 2018), «Er gaselle-bedrift i 2018», vestlandsnytt.no (på norsk bokmål), henta 19. februar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]