Sunnmørsbanken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmørsbanken var ein forretningsbank som blei oppretta i 1975 ved ei samanslåing av Sunnmøre Kreditbank og Privatbanken. Banken blei kjend som ein svært låneviljug bank under jappetida, noko som førte til store tap. I 1988 hadde banken tap på utlån på 570 millionar kroner, hadde dermed tapt det meste av egenkapitalen. Etter ei aksjenedskriving gjekk Forretningsbankenes Sikringsfond inn med ny kapital og overtok dermed styringa av banken. Sunnmørsbanken blei deretter overteken av Kreditkassen i 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]