Sunnylvsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurtigruteskipe «Midtnatsol» på veg ut Sunnylvsfjorden. Den veglause garden Smoge i bergsida ovanfor. Skrenakken og Robbervika (olivinbrot) i bakgrunnen.
Hellesylt ved Sunnylvsfjorden

Sunnylvsfjorden er ein del av Storfjorden i Stranda og Fjord kommuneSunnmøre. Sunnylvsfjorden tek til ved Uksneset, der Storfjorden deler seg i to. Sunnylvsfjorden går sørover, medan Norddalsfjorden går austover til Tafjorden. Sunnylvsfjorden går inn til bygda Hellesylt. Eit par km nord for Hellesylt kløyver fjorden seg, Geirangerfjorden går austover, medan Sunnylvsfjorden held fram sørover.

Sunnylvsfjorden er 26 km lang, og mellom 600 m og 2000 m brei. Den største djupna er 452 m, vest for Skrenakken i Norddal kommune.

Langs fjorden ligg mange forlatne fjord- og fjellgardar, og er elles ein typisk vestnorsk fjord. Fjorden er i dag særleg omtala i samband med Åkerneset, der ein fjellsprekk i ei ukjent framtid truleg kjem til å utløyse eit stort ras.