Super Mario 3D All-Stars
Super Mario 3D All-Stars | |
Utviklar(ar) | Nintendo |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Produsent(ar) | Kenta Motokura |
Serie | Super Mario |
Plattform(er) | Nintendo Switch |
Utgjeving | 18. september 2020 |
Sjanger | Plattform |
Spelemodus | einspelar, samarbeid |
Super Mario 3D All-Stars er ein kompilasjon av tredimensjonale plattformspel for Nintendo Switch. Han var utgjeven i samband med 35-årsjubileet til Super Mario-serien, med HD-versjonar av Super Mario 64 (1996), Super Mario Sunshine (2002) og Super Mario Galaxy (2007).[1]
Kompilasjonen vart utgjeven internasjonalt 18. september 2020. Han fekk positiv omtale, med ros for dei tekniske forbetringane, kontrollane og spela i seg sjølve, men presentasjonen fekk meir blanda mottaking, der kritikk var retta mot den tidsavgrensa utgjevinga, mangelen på ekstra innhald og fråværet av Super Mario Galaxy 2 (2010).[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Nintendo slipper samlepakken Super Mario 3D All-Stars om få uker». Gamer.no. Henta 15. oktober 2020.
- ↑ «Super Mario 3D All-Stars review - three great games in one lacklustre compilation». Eurogamer. Henta 15. oktober 2020.