Super Mario Bros.: The Lost Levels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Super Mario Bros.: The Lost Levels
(Super Mario Bros. 2 i Japan)

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Shigeru Miyamoto
Design(ar)Takashi Tezuka (designar)
Kōji Kondō (komponist)
Komponist(ar)Koji Kondo
SerieMario
Plattform(er)Famicom Disk System
Game Boy Advance
Virtual Console
UtgjevingJP: September 1985
NA: 1986
EU: Mai 1987
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/software/smb2/index.html
Del av serien Super Mario
Super Mario Bros. · Super Mario Bros. 2

Super Mario Bros.: The Lost Levels (スーパーマリオブラザーズ2 Super Mario Bros. 2) er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Famicom Disk System. Det vart først gjeve ut i Japan den 3. juni 1986, og er oppfølgjaren til Super Mario Bros.. Originalversonen av spelet vart ikkje gjeve ut i Europa, men ei omlaging vart gjeven ut i samlepakken Super Mario All-Stars for Super Nintendo Entertainment System i 1993. The Lost Levels er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Virtual Console for Wii.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

I Super Mario Bros.: The Lost Levels styrer spelaren Mario eller Luigi etter eit val på tittelskjermen. Spelet har ingen modus for fleirspel. Mario og Luigi har ulike eigenskapar i spelet; Mario har best fotfeste medan Luigi hoppar høgast.

Spelet har mange fellestrekk med Super Mario Bros.. Målet er framleis å kome seg gjennom åtte verder med fire nivå kvar for å berge prinsessa. Nivåa skal vere meir utfordrande enn i føregangaren.[1]

Det er ingen nye fiendar i spelet, men nokre av dei ter seg annleis enn før; landfiendar kan no bli funne i nivå under vatn, medan vassfiendar kan bli fune flygande i bakkenivå.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]