Super Mario Galaxy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Super Mario Galaxy
Mario galaxy2.svg
Utviklar(ar) Nintendo EAD Tokyo
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Mario
Sjanger Plattform
Spelmodus Einspelar,
samverkande fleirspelar
Utgjeving JP 1. november 2007
NA 12. november 2007
EU 16. november 2007
Medium 1 Optisk Wii-plate
Stødde einingar Wii-fjernkontroll, nunchuk
Aldersgrense PEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G

Super Mario Galaxy er eit 3D-plattformspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og publisert av NintendoWii. Det vart gjeve ut globalt gjennom november 2007, og er det tredje 3D-plattformspelet i Mario-serien, etter Super Mario 64 og Super Mario Sunshine. Spelet handlar om Mario som reiser gjennom verdsrommet for å redde prinsesse Peach frå Bowser. Nivåa er galaksar som er fylte med småe og store planetar, der gravitasjonen deira påverkar korleis ein kan manøvrera Mario.

Ein oppfølgjar til spelet, Super Mario Galaxy 2, kom ut i 2010.[1]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spelet opnar med at Mario vert invitert av prinsesse Peach til den hundreårlege «stjernestøvfestivalen» (en: Stardust Festival) for å høgtida kometen som fer over himmelkvelven. Under feiringa trengjer Bowser seg brått inn i Sopperiket med ein flåte luftskip og spolerer festivalen. Han påkallar ein svær flygande tallerk som ryskjer heile slottet til Peach frå bakken og løftar det ut i verdsrommet. Etter at Mario gjer eit feilslått forsøk på å ta seg av problema, vert han slått vekk av ein av lakeiane til Bowser og endar opp på ein liten planet. På denne planeten møter han på ei gåtefull dame (en: Rosalina) og stjernekompisane hennar (en: Luma). Rosalina viser seg å vera ein «stjernevaktar» som nyttar eit flyttbart observatorium for å reisa rundt i universet. Diverre fungerer ikkje obervatoriet som det skal sidan Bowser har stole alle kraftstjernene (en: Power Stars) som driv dette. Mario må så utforska fleire hjørne av universet for å sanka inn dei stolne stjernene, for å til slutt kunna reisa til sjølve sentrum av universet der Bowser held til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]