Super Paper Mario

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Super Paper Mario
Utviklar(ar) Intelligent Systems
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Paper Mario
Sjanger Plattform/rollespel
Spelmodus Einspelar
Utgjeving NA 9. april 2007
JP 19. april 2007
EU 14. september 2007
AUS 20. september 2007
Medium DVD
Stødde einingar Wii-fjernkontroll
Aldersgrense PEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G

Super Paper Mario (スーパーペーパーマリオ) er eit plattform/rollespel utvikla av Intelligent Systems og utgjeve av Nintendo for Wii. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og Japan i april 2007, og i Europa og Australia i september same året. Spelet er det tredje i Paper Mario-serien. Til skilnad frå dei tidlegare spela i Paper Mario-serien kombinerer Super Paper Mario plattformspel-element frå Super Mario Bros.-spela og nokre rollespel-element frå Paper Mario-spela.

Super Paper Mario var opphavleg utvikla som eit Nintendo GameCube-spel, men vart flytta over til Wii.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Super Paper Mario er i hovudsak eit plattformspel med rollespel-element. Spelaren styrer Mario gjennom ei rekkje nivå der ein kan utforske varierande område, slåst mot fiendar, og løyse gåter. Spelet er delt inn i 32 nivå som er fordelte på 8 kapittel, der kvart kapittel finn stad i eit særmerkt område eller «dimensjon». Hovudmålet i spelet er å finna åtte «reine hjarto», eit i kvart kapittel, som blir brukte til å opna nye område i spelet. Alle områda i spelet er knytte til ein sentral by der Mario startar i spelet.

Brorparten av Super Paper Mario er i 2D. Tidleg i spelet får Mario ei evne som gjer at han kan vri perspektivet om til 3D, som lèt han takle utfordringar på nye vis. Ved å vri om perspektivet kan spelaren til dømes finna ein veg rundt hinder som ikkje kunne bli passerte i 2D-perspektiv, eller få auge på skjulte ting eller landskap. Om Mario vandrar rundt i 3D-perspektiv for lenge vil helsa hans gradvis bli redusert.

Spelet bruker eit poengsystem. Ein haustar inn poeng ved å nedkjempa fiendar og å bruka utstyr. Dette systemet fungerer også som erfaringspoeng-system for spelaren, der ein kan gjera figuren sin sterkare om ein vinn nok poeng. Figuren blir sterkare både offensivt og defensivt etter kvart som erfaringsnivået aukar; som ved å få seg kraftigare åtak eller betre motstand mot skade frå fiendar og farlege objekt. Om hjarte-poenga (HP) når null grunna for mykje skade vil spelet enda, og spelaren kan halda fram frå det siste punktet spelet vart lagra. Nokre ting, som soppar, kan bli brukte til å halda helsa til figuren ved like.

I tillegg til Mario, kan spelaren få kontrollera prinsesse Peach, Bowser og Luigi etter kvart som ein kjem vidare i spelet. Figurane skil seg frå kvarandre med særeigne eigenskapar; Peach kan flyta i lufta med ein paraply, Bowser kan spy eld, og Luigi kan hoppa ekstra høgt. Det er berre Mario som kan snu perspektivet om til 3D.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]