Superart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein superart i biologien er ein taksonomisk kategori som blir brukt for ei gruppe på minst to distinkte, men nært nærståande artar. Uttrykket vart brukt og popularisert først av Bernhard Rensch og seinare av Ernst Mayr. Dei to forfattarane spesifiserte at artane som utgjer ein superart må vere utbreidd slik at artane må ha ulike levestader (allopatrisk utbreiing).[1][2] Superart svarer til tysk Artenkreis (frå tysk Art (art) og Kreis (sirkel, ring)) og er også brukt i ein del engelskspråkleg faglitteratur (superspecies).

Superartar er spesielt interessante fordi dei kan seiast å representere eit «augneblinksbilete» av artsdanninga – evolusjon teke på fersk gjerning. Det er ikkje noko skarpt skilje mellom svært godt differensierte underartar og medlemmer av ein superart, så nemninga er vanlegvis tentativ og nokre gonger kontroversiell.[3]

Superartar i nomenklaturen[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet superart blir oftast brukt i botanikken i tilfelle der det er usikkert om ein har med ein svært variabel art eller fleire svært nærståande artar å gjere. I zoologien blir gråsporv, middelhavssporv og romarsporv rekna som éin superart, der romarsporven blir anteken å ha oppstått ved hybridisering mellom dei to andre. I tilfelle der det ikkje har vore gjort tilstrekkelege studiar for å finne ut kor mykje kryssing som er mogleg eller faktisk går føre seg, kan den beste tilgjengelege taksonomisk løysinga vere å nytte superart som ei naudløysing. Som kategori i biologien har «superart» verken eit primært eller sekundært taksonomiske nivå i International Code of Botanical Nomenclature, men er tillate i samsvar med artikkel 4.3.[4]

Nærståande fenomen[endre | endre wikiteksten]

I ein del slike artsgrupper går føre seg naturleg kryssingar mellom nokre av artane. Ein slik superart med uklare artsgrenser blir kalla eit artskompleks. Ein superart der alle artane kryssar seg med andre, men ikkje alle kan krysse seg med alle, er ein ringart, i engelskspråkleg litteratur også kalla Rassenkreis (frå tysk Rassen (rase, populasjon) og Kreis (sirkel, ring)). Ein ringart vil i mange tilfelle sannsynlegvis utvikle seg over tid for å bli ein superart.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Amadon, D. (1966). «The Superspecies Concept». Systematic Biology 15 (3): 245–249. doi:10.2307/sysbio/15.3.245. 
  2. FishBase glossary; "Artenkreis". FishBase. Henta 29. mai 2023.
  3. 3,0 3,1 Paul R. Ehrlich, David S. Dobkin, and Darryl Wheye (1988). «Superspecies». 
  4. McNeill, J.; Barrie, F. R.; Buck, W. R. & Demoulin, V., red. (2012), International Code of Nomenclature for algae, fungi, and plants (Melbourne Code), Adopted by the Eighteenth International Botanical Congress Melbourne, Australia, July 2011 (digital utg.), Bratislava: International Association for Plant Taxonomy, henta 29. mai 2023 .