Superstrengteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Superstrengteori er ein hypotetisk modell som omfattar elementærpartiklar og gravitasjon. I modellen tenkjer ein på partiklane som små strenger, såkalla superstrenger, og ikkje som punktpartiklar. Modellen prøver å samle alle kreftene i naturen under ein og same teori, og vert òg ofte kalla TOE (av engelsk The Theory of Everything, teorien om alt). Dei ulike elmentærpartiklane svarar til ulike vibrasjonar av strengane. Super syner til supersymmetri, som er ein symmetri mellom boson, som formidlar krefter, og fermion, som materien er bygd opp av.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]