Supervulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over kjende supervulkanar over heile verda: ██ Vulkaneksplosivitetsindeks (VEI) 8 ██ Vulkaneksplosivitetsindeks (VEI) 7

Supervulkan er eit upresist namn på ein vulkan som har hatt eit svært stort utbrot, til dømes med styrke 8 eller meir vulkaneksplosivitetsindeksen.[1] Slike utbrot kan påverka heile eller store delar av verda. Når utbrotet er over, vil jamnast jorda over det enorme magmakammeret kollapsa og danna ein svær kaldera.[2]

Satellittbilete av Toba på Sumatra, som hadde utbrot for 74 000 år sidan. Kalderaen er tydeleg midt på biletet.

Den siste supervulkanen ein kjenner til som har hatt utbrot var Tobasjøen på Sumatra, som hadde eit digert utbrot for kring 74 000 år sidan. Utbrotet påverka klimaet på jorda i lang tid då store mengder svoveldioksid og vulkansk oske vart kasta opp i stratosfæren. Klimaet vart kaldare og mange livsformer døydde ut. Dei siste to millionar åra har òg supervulkanar i Yellowstone og det austlege California i USA, og TauposjøenNew Zealand hatt utbrot. Supervulkanen i Yellowstone har hatt utbrot med mellomrom på kring 600 000 år. Sidan det er 640 000 år sidan siste utbrot der, fryktar mange ekspertar at det skal koma eit nytt utbrot i geologisk nær framtid. Mellom anna hevar grunnen seg over vulkanen med over 70 cm i året enkelte stader, noko som har auka frykta for eit nærståande utbrot.[2]

I Noreg finst ein 40 x 50 km brei kaldera på Vøringsplatået, 300 km vest for Bodø. Denne vulkanen hadde eit utbrot for kring 50-55 millionar år sidan. I permtida, for kring 299–260 millionar år sidan, var det fleire utbrot frå supervulkanar i Oslofeltet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Questions About Supervolcanoes». Volcanic Hazards Program. USGS Yellowstone Volcano Observatory. 21. august 2015. Henta 22. august 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Bryhni, Inge (22. april 2009). «Supervulkan». Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.