Surfbeat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Surfbeat
Studioalbum av The Challengers
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1963
Innspelt Seint 1962
Sjanger Surferock
Lengd 32:26
Selskap Vault
Produsent Richard Delvy
The Challengers-kronologi 
Surfbeat Lloyd Thaxton Goes Surfing with The Challengers
(1963)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars lenkje

Surfbeat var debutalbumet til den Los Angeles-baserte surferockgruppa The Challengers. Dei spelte inn albumet på berre tre og ein halv time i studio mot slutten av 1962. Albumet kom ut tidleg i 1963 og vart raskt populært, og var med på å gjere surfemusikken populær. Det var lenge vanskeleg å få tak i, og i 1994 gav Sundazed Records ut albumet på CD med to bonusspor.

Albumet består berre av coverversjonar med songar av The Fireballs og Duane Eddy. Debutplatene til The Beach Boys, Surfin' Safari og Dick Dale & His Del-Tones, and Surfers' Choice kom ut berre få månader før Surfbeat. Songar frå begge desse er med på dette albumet.

To songar på albumet, «Vampire» og «Kami-Kaze» er orignale songar av The Bel-Airs, bandet som The Challengers oppstod ut frå. Gitaristane og saksofonisten er dei einaste som ikkje var med i The Bel-Airs. Dei to songane var skriven av Bel-Airs gitaristen Paul Johnson,[1] som hadde tette band til bandet, og som seinare spelte med dei på andre prosjekt. Albumet inneheld òg ein versjon av The Bel-Airs sin «Mr. Moto», den einaste hitten dette bandet hadde.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Bulldog»Tomsco1:53
2.«Kami-Kaze»Johnson2:19
3.«Let's Go Trippin'»Dick Dale1:48
4.«Ramrod»Casey1:34
5.«Mr. Moto»Delvy/Johnson2:05
6.«Red River Rock»King/Mack/Mendleson1:56
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Miserlou»Tauber/Rubanis/Leeds2:44
8.«Latin'ia»Nunes/Miller2:29
9.«Surfin' Safari»Brian Wilson, Mike Love2:20
10.«Movin' and Groovin'»Lee Hazlewood, Duane Eddy2:08
11.«Vampire»Delvy/Johnson3:03
12.«Torquay»Tomsco2:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Glenn Grey: sologitar (utanom #2 og #11)
  • Don Landis: rytmegitar (utanom #2 og #11)
  • Jim Roberts: piano og orgel
  • Randy Nauert: bassgitar
  • Richard Delvy: trommer
  • Nick Hefner: saksofon (berre på #9)
  • Paul Johnson: sologitar (på #2 og #11)
  • Eddie Bertrand: rytmegitar (på #2 og #11)
  • ukjend: saksofon (på #2 og #11)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]