Surfekultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Surfekulturen)
Surfarar i Senegal. Mann med halvlangt bleika «surfehår» til høgre.
Foto: Manuele Zunelli

Surfekultur omfattar folk, språk, mote, daglegliv, livs- og verdisyn knytt til surfing. Kulturen omfattar surfestilen og synet på sjølve surfinga, tilhøve til hav, land og andre, og meir overflatiske element som slanguttrykk og utsjånad. Surfekultur har spreidd saman med det moderne surfebrettet, som blei funne opp i sørlege California på 1940-åra, og blei i løpet av dei neste tiåra vidareutvikla over heile verda. Grunnlaget for kulturen er kjærleiken til surfing, jakta på dei store bølgjene og ønsket om det ultimate surferittet. Surfarar, som kjem frå mange ulike bakgurnnar, opplever gjerne eit generelt slektskap gjennom kjærleiken til sporten. Samstundes er lokalpatriotisme ofte ein viktig del av kulturen der inviduelle surfarar eller grupper peikar seg ut visse surfestader som sine eigne.

Surfeskulptur i Santa Cruz i California.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Surfar i våtdrakt.

Surfekulturen starta tidleg på 1900-talet og spreidde seg raskt i løpet av 1950- og 1960-åra, samstundes som han fortsette å utvikla seg. Frå California i baby-boomertida tok han ungdomsuttrykk som «dude», «daddy-o», «like wow» og «strictly squaresville». Særskilde surfeuttrykk som «surf's up» (bølgjene er høge nok til å surfa på), «hang ten» (å ha alle ti tærne utanfor surefbrettet) og «wipe out!» (å falla av brettet) oppstod også. Sidan surfing naturlegvis finn stad ved kysten har strandlivet ofte påverka surfarane og omvendt. Nokre aspekt ved surfekulturen i 1960-åra i Sør-California var mellom anna woodie (ein type bil med karosseri av tre), bikiniar og andre strandklede, som boardshorts. Den typiske surfarutsjånaden var elles t-skjorte eller stripa Pendleton-skjorte, kvit Levi's, Ray-Ban-solbriller, bleika blondt hår og kort skjegg (goatee). Den tidlege surfesporten var mykje mannsdominert, med kvinner som unødvendige vedheng som kunne beundra surfarane frå stranda.

Ung kvinne med våtdrakt og surfebrett.

Denne ungdomsgenerasjonen var også inspirert av beatpoesi, med vekt på individualisme, fridom frå kvardagen og livsnyting her og no. Reisa mange av diktarane hylla blei skapt om til ein «surfari» der ein reiste på jakt etter perfekte surfebølgjer. Surfekulturen blei ei form for ungdomsopprør og kritiske røyster såg på surfing som egoistisk tidtrøyte bedrive av loffande nomadar.

Ved slutten av 1960-åra hadde surfing blitt populært i Australia, der ein utvikla ein meir valdsam surfestil på kortare, lettare manøvrerbare brett som snart spreidde seg vidare. Surfekultur kom også tidleg til Sør-Afrika.


Surfeklede i dag, som ikkje nødvendigvis treng brukast av surfarar, kan vera t-skjorter med enkle, hav- eller bølgjeinspirerte mønster eller (amerikanske) logoar. Smykke er vanlegvis enkle, dei kan vera laga av skjel, haitenner, tre eller vanlege metall, og dei kan vera knytte rundt hals eller handledd. «Etniske» motiv frå ulike kulturar er utbreidde, det same er fredsteiknet.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå surfemusikk.

Surfing blei presentert i film, musikk og tidsskrift frå 1950- og 1960-åra. Hollywood produserte romantiske musikalar og komediar som Gidget (1959) og Ride the Wild Surf (1964), men det blei også laga «reine» surfefilmar, som The Big Surf (1957), Slippery When Wet (1958), Surf Trek to Hawaii (1961) og The Endless Summer (1964]

Surfekulturen kjem til syne i surfemusikk med undersjangrar som surfrock og surfpop. Band innan denne sjangeren er Jan and Dean, The Beach Boys, The Surfaris, Dick Dale, The Shadows og The Ventures i 1960-åra. Musikken inspirerte til dansefarsottar som The Stomp, The Frug og The Watusi.

Surfer Magazine vart skipa i 1960-åra då surfing hadde vorte populært hos tenåringane og brukte å seia at når dei jobba hardt på kontoret, og nokon ropte «Surf's up!», så vart kontoret brått tomt.

Vidare utvikling[endre | endre wikiteksten]

Surfarar utvikla rullebrettet slik at dei kunne «surfe» på land, og fleire brettidrettar som stadig er i utvikling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Surfekultur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]