Surfing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Surf-Riders, Honolulu (1919). Tresnitt av Charles W. Bartlett.

Surfing er ein idrett som går ut på å balansera på noko, som regel eit brett, som blir drive fram av bølgjer. Idretten oppstod i Polynesia, med Hawaii som eit velkjend døme. På Hawaii blei han nesten trengd ut av kristne misjonærar, men oppstod igjen på 1900-talet og blei spreidd til Australia og California, der ein utvikla lettare surfebrett. I dag driv ein med surfing over store delar av verda, i havet, elver, innsjøar og basseng.

Surfing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Langs norskekysten er det ofte gode tilhøve for surfing, særleg på Jærstrendene, Vestlandet og i Lofoten. NM i surfing 2007 blei halde på Stadlandet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Surfing

Kjelder[endre | endre wikiteksten]