Surnadal Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Surnadal Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Surnadal kommuneNordmøre. Idrettslaget vart stifta 13. april 1913 som Idrettslaget Framtid. Dagens namn fekk laget då det i 1966 vart slått saman IL Bjørn og Surnadal jenteidrettslag. Surnadal Idrettslag arrangerte i 1976 hovuddelen av noregsmeisterskapen på ski.

Surnadal IL er aktivt med i fotball, handball, langrenn og alpine greiner på ski. Fotballaget spelar heimekampane på Syltøran stadion på Surnadalsøra. Laget spelar i blå trøyer og elles kvite fargar.

Surnadal IL har særleg markert seg i langrenn. Brørne Sturla og Sigurd Brørs vann begge medalje i noregsmeisterskap og hevda seg i verdscupen i langrenn i 1980- og 1990-åra.

1991-sesongen deltok Surnadal IL i 2. divisjon-fotball, etter at laget i 1990 vann si tredjedivisjonsavdeling. Etter seriekampar mot lag som mellom andre Mjøndalen IF, Bryne FK, Vålerengen, IL Hødd og Aalesunds FK enda Surnadal sist i A-avdelinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Heimeside