Susan Dunklee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Susan Dunklee

Susan Dunklee at Biathlon WC 2015 Nové Město.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 13. februar 1986 (36 år)
Newport
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2018, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner

Susan Dunklee (fødd 13. februar 1986) er ein USA-amerikansk skiskyttar frå Vermont. Ho vann sølvmedaljen i fellesstarten under VM i skiskyting 2017 og eitt nytt VM-sølv i 2020, då i sprint-tevlinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dunklee deltok internasjonalt frå 2011. Ved VM i skiskyting 2012 overraska ho med ein femteplass på 15 km. Fem år seinare skaut ho feilfritt på fellesstarten under verdsmeisterskapen 2017 i Hochfilzen og vann sølvmedaljen, slått med 4,6 sekund av tyske Laura Dahlmeier. I VM i skiskyting 2020 i Antholz skaut Dunklee atter feilfritt på sprintdistansen og tok eitt ny VM-sølv, norske Marte Olsbu Røiseland vann med 6,6 sekund betre tid.

I sin beste sesong, 2017-sesongen, enda Dunklee på 10. plass i verdscupen i skiskyting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]