Susan Te Kahurangi King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Susan Te Kahurangi King
Statsborgarskap New Zealand
Fødd 1951 (73 år)
Te Aroha
Yrke kunstnar, teiknar

Susan Te Kahurangi King (fødd i 1951) er ein newzealandsk kunstnar som blei internasjonalt kjend i 2009.[1][2]

King vart fødd i Te Aroha i 1951,[1] som det andre av 12 barn. Som fireåring byrja ho mista evna til å snakke, og då ho var åtte hadde ho heilt slutta å snakke.[3] Ho fekk aldri ein formell diagnose, men då ho var vaksen byrja syskena å sjå likskapar med symptom på autisme.[4]

King teikna "utan avbrot" frå ho var fire og til ho var 26, gjerne Disney-inspirerte figurar og optiske mønster, og brukte penn, blekk, grafitt og fargeblyantar.[5] Deretter slutta ho brått.[4] Familien hennar tok vare på alt ho hadde laga, 4000 teikningar, i håp om at ho skulle byrje igjen.[6]

I 2006 byrja regissøren Dan Salmon på ein dokumentarfilm om henne,[6] og viste arbeidet hennar til kuratorar. Den påfølgjande rosen og begeistringa førte til at King byrja å teikne igjen etter eit avbrot på tjue år.[4] I oktober 2009 hadde ho si første soloutstilling, på Peter Fay Gallery i Sydney.[2] I 2013 blei verka hennar viste ved den prestisjetunge Paris Outsider Art Fair.[4] I 2015 hadde ho si første soloutstilling i USA, Drawings from Many Worlds ved Andrew Edlin Gallery i New York.[5][7] I juli 2016 hadde ho si første museumsutstilling ved Institute of Contemporary Art i Miami.[8] I 2017 hadde ho utstillingar ved Marlborough Contemporary i London og Robert Heald Gallery i Wellington på New Zealand.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Biography | Susan Te Kahurangi King». susanking.com. Henta 22. juli 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Pictures of Susan». Henta 5. mars 2016. 
  3. «Susan Te Kahurangi King Biography». susanking.com. Henta 22. juli 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Explosive Drawing: Susan King’s Mash-ups, Strange Landscapes, and Other Worlds» (på engelsk). 8. november 2014. Henta 22. juli 2016. 
  5. 5,0 5,1 «This Outsider Artist Stopped Speaking As A Child, Communicates Solely Through Her Work». The Huffington Post. Henta 5. mars 2016. 
  6. 6,0 6,1 Øystein Runde (08.01.2016). «Susan Te Kahurangi King – ein kunstnar å verdsetje». 
  7. Rosenberg, Karen (20. november 2014). «Susan Te Kahurangi King: ‘Drawings From Many Worlds’». The New York Times. ISSN 0362-4331. Henta 22. juli 2016. 
  8. «Susan Te Kahurangi King | Institute of Contemporary Art, Miami» (på engelsk). Henta 22. juli 2016.