Susan Wojcicki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Susan Wojcicki
Susan Wojcicki (29393944130).jpg
Fødd 5. juli 1968 (54 år)
Santa Clara County
Yrke forretningsdrivande, næringslivsleiar, deltakar i internasjonale forum
Susan Wojcicki på Commons

Susan Diane Wojcicki (fødd 5. juli 1968) er ein polsk-amerikansk bedriftsleiar som var dagleg leiar for YouTube frå 2014 til 2023. Nettoformuen hennar vart estimert til å vere rundt 765 millionar dollar i 2022.[1]

Wojcicki har jobba i teknologibransjen i over tjue år. Ho vart involvert i grunnlegginga av Google i 1998 då ho leigde ut garasjen sin som kontor til grunnleggjarane av selskapet.[2] Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, og leia seinare den nettbaserte annonseringsverksemda og den originale videotenesta til selskapet. Etter å ha sett suksessen til YouTube, føreslo ho at Google skulle kjøpe tenesta. Google kjøpte YouTube for 1,65 milliardar dollar i 2006.

Wojcicki byrja som dagleg leiar i YouTube i 2014 og trekte seg i 2023.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Susan Diane Wojcicki vart fødd i Santa Clara County i California den 5. juli 1968. Ho er dotter av den amerikanske journalisten Esther Wojcicki og den polske fysikkprofessoren ved Stanford University Stanley Wojcicki.[4] Besteforeldra hennar var russisk-jødiske immigrantar.[5]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Før Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, arbeidde ho med marknadsføring hos Intel Corporation i Santa Clara.[6] I tillegg jobba ho med leiingsrådgjeving for Bain & Company og R.B. Webber & Company.[7]

I 2003 vart Wojcicki fyrste produktsjef for eit av dei store annonseverktøya til Google, AdSense.[8] For dette arbeidet fekk ho Google Founders' Award. Wojcicki vart forfremja og hadde tilsyn med Google sine annonserings- og analyseprodukt, inkludert AdWords, AdSense, DoubleClick og Google Analytics.[9]

Susan Wojcicki har fleire år vorte nemnd på lista over dei 100 mektigaste kvinnene publisert årleg av Forbes.[10][11][12]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Kåra til nummer ein på Vanity Fair si New Establishment-liste i 2019.[13]
  • 2013: Rangert som nummer ein på Adweek si topp 50 leiar-liste, som anerkjenner dei øvste medieleiarane i ein organisasjon.[14]
  • 2016: Nummer åtte på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.[15]
  • 2017: Nummer seks på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.[16]
  • 2018: Nummer sju på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Susan Wojcicki». Forbes (på engelsk). u.d. Henta 6. mars 2023. 
  2. Saner, Emine (10. august 2019). «YouTube’s Susan Wojcicki: 'Where's the line of free speech – are you removing voices that should be heard?'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 6. mars 2023. 
  3. «A personal update from Susan». blog.youtube (på engelsk). 16. februar 2023. Henta 6. mars 2023. 
  4. Clifford, Catherine. «How Anne and Susan Wojcicki's parents raised the founder of 23andMe and the CEO of YouTube». CNBC (på engelsk). Henta 6. mars 2023. 
  5. Tramiel, Preeva (18. april 2012). «Esther Wojcicki: A Jewish mother of the tech revolution». Jewish Women's Archive (på engelsk). Henta 6. mars 2023. 
  6. Laporte, Nicole (8. juni 2014). «The Woman Behind The Superlatives: Three Things You Need To Know About Susan Wojcicki». fastcompany.com. Henta 6. mars 2023. 
  7. «Susan Wojcicki». Salesforce (på engelsk). Henta 6. mars 2023. 
  8. Schwartz, Barry (5. juli 2007). «Profile Of Susan Wojcicki: Mother Of AdSense». Search Engine Land (på engelsk). Henta 6. mars 2023. 
  9. Gustin, Sam. «Google Ad Chief Susan Wojcicki: 'The Book Isn't Finished'». Wired (på engelsk). ISSN 1059-1028. Henta 6. mars 2023. 
  10. «Susan Wojcicki: The most powerful woman on the internet / Demet Cengiz». Arkas News (på tyrkisk). 10. februar 2023. Henta 6. mars 2023. 
  11. «The World's 100 Most Powerful Women 2022». Forbes (på engelsk). Henta 6. mars 2023. 
  12. «Susan Wojcicki: The most powerful woman on the internet». UC Santa Cruz News (på engelsk). Henta 6. mars 2023. 
  13. Nast, Condé (3. oktober 2019). «Vanity Fair’s 2019 New Establishment List». Vanity Fair (på engelsk). Henta 7. mars 2023. 
  14. «The Top 50 Execs Who Make the Wheels Turn». www.adweek.com (på engelsk). 28. oktober 2013. Henta 7. mars 2023.  |first1= missing |last1= in Authors list (hjelp)
  15. «Forbes Announces 13th Annual World's Most Powerful Women List». Forbes (på engelsk). 6. juni 2016. Henta 7. mars 2023. 
  16. «Forbes Announces 14th Annual World's 100 Most Powerful Women List». Forbes (på engelsk). 1. november 2017. Henta 7. mars 2023. 
  17. «Forbes Announces 15th Annual World's 100 Most Powerful Women List». Forbes (på engelsk). 4. desember 2018. Henta 7. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Susan Wojcicki