Susann Goksør Bjerkrheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Susann Goksør Bjerkrheim
Fødd 7. juli 1970
Lambertseter

Susann Goksør Bjerkrheim (fødd 7. juli 1970) er ein tidlegare handballspelar frå Oslo. Goksør Bjerkrheim spela 296 landskampar og skåra 844 mål for Noreg i tida 1987-2000, og var landslagskaptein frå 1993 til 2000. I 1999 vart ho verdsmeister med Noreg, då Frankrike i finalen på Lillehammer vart slått 25-24 etter ekstraomgangar. Mellom 1988 og 2000 vann ho i alt åtte medaljar i ulike OL, VM og EM. Goksør Bjerkrheim var midtre rykkrom-spelar («playmaker»).

Ho er sidan 1998 gift med den tidlegare handballspelaren Svein Erik Bjerkrheim.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Susann Goksør spela for Bækkelagets Sportsklub i Oslo frå 1985 til 1997. Ho vart cupmeister med klubben i 1994 og 1996/97. Både i 1994 og 1995 spela Bækkelaget seg fram til finalar i europeiske cupturneringar, men tapte fyrst citycupen samanlagt 43-45 mot tyske Buxtehuder. Året etter vart det nytt finaletap, då i EHF-cupen på færre bortemål enn Debrecen for Ungarn.

Etter indre strid i Bækkelaget forlet Goksør, og spelarar som Kjersti Grini og Heidi Tjugum, klubben våren 1997. Frå 1997 til ut 2000 spela ho for Nordstrand Idrettsforening, også det eit Oslo-lag. Ho la opp etter dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000. I 2008 gjorde ho eit kortvarig comeback for Nordstrand i eit forsøk på å berge laget frå nedrykk frå toppserien.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1988 - Sølv
  • VM 1990 - Nr 6
  • OL 1992 - Sølv
  • VM 1993 - Bronse
  • EM 1994 - Bronse
  • VM 1995 - Nr 4
  • EM 1996 - Sølv
  • OL 1996: Nr 4
  • VM 1997 - Sølv
  • VM 1999 – Gull
  • OL 2000 – Bronse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]