Susanna i badet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Susanna og dei eldre)
Susanna og dei eldre. Måleri av Francesco Ciseri, etter ein original av Guido Reni.

Susanna i badet er ei forteljing i den utvida Daniels bok i Bibelen. Ho er rekna som kapittel 13 Daniels bok i Det gamle testamentet av katolske, ortodokse og orientalsk ortodokse kyrkjer, og som ei av dei apokryfe skriftene i protestantiske kyrkjer. Teksten er ikkje del av den jødiske Tanakh, og er ikkje nemnd i tidleg jødisk litteratur,[1] men det verker som han var del av den opphavlege omsetjinga av den hebraiske bibelen til gresk, Septuaginta.[2]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Del av forteljinga om Susanna frå Septuaginta som preservert i Papyrus 967 frå 200-talet.

Forteljinga går føre seg under det jødiske fangenskapet i Babylon.

Illustrasjon til soga frå Codex Palatinus frå 1477.

Susanna var gift med Joakim. Ein dag smaug lurte to av dei eldste i samfunnet deira seg til å sjå på Susanna då ho bada i hagen. Då ho sende tenestejentene sine for å henta såpe og olje til henne, kravde dei to å ha samleie med henne, og truga med å skulda henne for utruskap om ho ikkje gjekk med på det. Susanna nekta, og mennene gjennomførte trugselen sin. Framfor rådet til jødane hevda dei at dei hadde sett Susanna driva hor under eit tre med ein mann dei ikkje kjende, som sprang vekk då han innsåg at han var blitt oppdaga. Dommarane trudde på dei, og Susanna blei dømd til døden for ekteskapsbrot. Profeten Daniel fekk ein inspirasjon frå Gud om at Susanna var uskuldig, og fekk vitna avhøyrt kvar for seg. Vitnemåla deira skilde lag når dei fekk spørsmål om kvar hendinga skulle ha skjedd – ein av dei sa det var under eit mastikstre, den andre sa ho hadde funne stad under et eiketre. Då blei Susanna frikjend, medan mennene blei avretta for å ha vitna falskt.[3]

Ei liknande historie finst i Andre Samuelsbok, der det blir fortalt at kong David blir forelska i Batseba då han ser henne medan ho badar, og etterkvart tek henne frå ektemannen Urias. Begge sogene er vanlege motiv i vestleg kunst.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Soga er blitt avbilda i vestleg kunst sidan mellomalderen. Ein finn henne på Lothar-krystallen, ein inngravert bergkrystall som blei laga i Lotharingia i Nordvest-Europa på midten av 800-talet som no er ved British Museum.[4]

Frå kring 1470 finst det ei rekkje måleri av soga. Susanna blei avbilda ar kunstnarar som Lorenzo Lotto (1517), Guido Reni, Rubens, Van Dyck, Tintoretto, Rembrandt, Tiepolo og Artemisia Gentileschi (1610). Nokre avbildingar, særleg dei frå barokken, legg vekt på dramaet i soga, andre legg vekt på nakenheit. Ein versjon av Francesco Hayez frå 1800-talet (National Gallery, London) har ikkje nokon eldre synlege i det heile.[5] Den uruguayanske målaren Juan Manuel Blanes måla to versjonar av soga, der ein av dei ikkje inneheld dei eldre kikkarane, men Susanna som ser til sida med eit bekymra ansiktsuttrykk.

Den amerikanske kunstnaren Thomas Hart Benton (1889–1975) måla ei moderne Susanna i 1938, sett under den store depresjonen og med kunstnaren sjølv som ein av kikkarane. Han hadde medvite med kjønnshår i framstillinga, til skilnad frå dei statue-aktige bilde frå klassisk kunst. Bildet er no ved de Young Museum i San Francisco.

Pablo Picasso framstilte også emnet på midten av 1900-talet, med ei Susanna framstilt på liknande vis som han framstilte andre mindre abstrakte liggjande nakne figurar. Dei eldre er framstilte som måleri som heng på veggen bak henne. Bildet blei måla i 1955, og er del av den permanente samlinga til Museo Picasso Málaga.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

I 1681 komponerte Alessandro Stradella eit oratorium i to delar, La Susanna, for herugen av Modena, Francesco II, som bygde på soga.

I 1749 skreiv George Frideric Handel eit engelskspråkleg oratorium, Susanna.

Den amerikanske operaen Susannah av Carlisle Floyd, som føregår i Sørstatane på 1900-talet, er inspirert av soga. Han omfattar ein omreisande predikant som forfører Susannah.[6]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske modernisten Wallace Stevens tok for seg soga om Susanna i diktet «Peter Quince at the Clavier» frå 1915. Det er seinare blitt tonesett av Dominic Argento og av Gerald Berg.

Den belgiske forfattaren Marnix Gijsen nytta element av soga i den fyrste romanen sin Het boek van Joachim van Babylon frå 1947.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jewishencyclopedia.com». Jewishencyclopedia.com. Henta 25. august 2013. 
  2. New American Bible (Revised Edition), Footnote a.
  3. Gjulem, Stein (29. november 2007), «Pensjonistkaffe», Aust-Agder Blad (på norsk), henta 19. mars 2023 
  4. British Museum. «Lothair Crystal». Collection online. Henta 23. juni 2016. 
  5. «Susanna at her Bath, 1850, Francesco Hayez». Nationalgallery.org.uk. Henta 25. august 2013. 
  6. Eyer, Ronald (Winter 1956–1957). «Carlisle Floyd's Susannah». Tempo 42 (42): 7–11. JSTOR 942914. doi:10.1017/S0040298200043709.