Susannah Melvoin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Susannah Melvoin
Fødd26. januar 1964 (57 år)
FødestadLos Angeles
OpphavLos Angeles i USA
AktivSidan 1984
SjangerRock, funk, pop, new wave, Minneapolis sound, R&B
InstrumentVokal
Tilknytte artistarPrince, The Revolution, The Family
Verka somVokalist, låtskrivar
FarMike Melvoin

Susannah Melvoin (fødd 26. januar 1964) er ein USA-amerikansk songar og låtskrivar, mest kjend for arbeidet med Prince i midten av 1980-åra. Ho kjem frå ein musikalsk familie og er tvillingsystera til musikaren Wendy Melvoin, systera til Jonathan Melvoin og dottera til jazzpianisten Michael Melvoin.

Susanna arbeidde mykje med Prince i midten av 1980-åra i då systera Wendy' var medlem av The Revolution. På denne tida var ho solovokalist for eit av sideprosjekta til Prince, The Family. Prince skreiv The Family-songen «Nothing Compares 2 U» frå 1985, om Melvoin.[1] Denne songen vart ein stor hit då Sinéad O'Connor spelte han inn i 1990. Melvoin var trulova med Prince,[2] og medan dei var saman skreiv han fleire songar om ho.[3]

Melvoin har sidan arbeidd som korvokalist for artistar som Roger Waters, Eric Clapton og Mike Oldfield.

Som låtskrivar har ho vore medlåtskrivar på songar framførte av Madonna, Eric Clapton og Doyle Bramhall II frå Arc Angels.

Ho var gift med Doyle Bramhall II frå 1997 til 2010 og har to døtrer med han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis, Everett, DVD commentary, Luster
  2. Elan, Priya (20. september 2008). «Purple Reign». The Guardian. 
  3. Nilsen, Per (2003). Dance Music Sex Romance: Prince: The First Decade. SAF. s. 199. ISBN 0-946719-64-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]