Suter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Suter
Suter
Suter
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Slekt: Tinca
Art: Suter T. tinca
Vitskapleg namn
Tinca tinca

Suter (Tinca tinca) eller sudre er ein ferskvassfisk i karpefamilien. Han er utbreidd over store delar av Eurasia. Han finst innført i Noreg.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Typisk biotop for suter

Suteren trist i vatn der bunnen er dekka med organisk materiale, og helst med tett vegetasjon. Han er nattaktiv og et sniglar, mygglarvar og plantedelar.

Suter kan bli opptil 8 kg, men blir sjeldan større enn 3 kg i Noreg. Han kan vera grønn eller brun av farge, avhengig av vatnet.

Suter på utstilling i Praha

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Suter er ein god matfisk med fast kjøt. Skinnet er svært tjukt og fast. Det er blitt brukt til å laga sko av, og fisken er derfor også blitt kalla «skofisk». Skinnet er dekket av et slim som er blitt brukt som medisin mot feber og gulsott, og i England har han fått nemninga doctor fish.

Til bruk som matfisk er det viktig at suter blir tappa for blod så snart som mogleg for å unngå misfarging av kjøtet og redusert smakskvalitet.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Fisket går gjerne føre seg med ruse eller stong med agn. Fisken har liten munn, og ved agnfisket, som føregår seint om kvelden eller om natta, bruker ein små krokar. Som agn kan ein bruka mais eller meitemark. Den største suteren som er fanga med sportsfiskeutstyr i Norge vog 3,96 kg. Rekorden blei satt i Østeråa 9. juni 2011.[1]

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er fisken hovudsakleg utbreidd i vatn langs Skagerakkysten, særleg i området rundt Arendal. Arten finst ikkje naturleg i norsk fauna, men er blitt sett ut. Det er dokumentert at det blei sett ut suter i Solborgvannet ved Arendal midt på 1800-talet av gruvearbeidarar frå Tyskland. Han har sidan spreidd seg derfrå, dels naturleg, og dels med hjelp frå menneske.

I Norsk svarteliste 2012 blei suter vurdert til svært høg risiko, blant anna fordi han kan påverka bestandane av stadeigne fiskearter og amfibiar negativt. I Fremmedartslista 2018 var arten nedgradert til høg risiko på grunn av moderat invasjonspotensial og middels økologisk effekt.[2][3][4]

I Arendalsområdet blir fisken kalla sudre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Villmarksliv, norske sportsfiskerekorder
  2. T. Hesthagen (2012). «Suter Tinca tinca» (PDF). Artsdatabankens faktaark (284). ISSN 1504-9140. 
  3. «Tinca tinca suter». FremmedArt2012. Artsdatabanken. Henta 25. februar 2020. 
  4. «Suter Tinca tinca». Fremmedartsbasen 2018. Artsdatabanken. Henta 25. februar 2020. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]