Pilsaum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sutura sagittalis)
Hovudskallen sett frå oversida med pilsaumen merka raud
Hovudskallen sett frå oversida. Pilsaumen er merka i midten.

Pilsaumen (av latin sutura sagittalis) eller sagittalsuturen er ein tjukk og fibrøs skallesaum mellom dei to issebeina i hovudskallen.[1] Namnet kjem av det latinske ordet sagitta, som tydar «pil». Dette kjem av at pilsaumen har eit hakk i bakenden, i likskap med ei pil, som blir danna av lambdasaumen. Pilsaumen er òg kjend som sutura interparietalis.

I rettsmedisinsk antropologi blir pilsaumen bruka for å datere skjelettrestar av menneske. Saumen byrjar å lukke seg i ein alder av 29, ein prosess som startar bak ved lambdasaumen og som gradvis jobbar seg framover mot koronarsaumen. Ved ein alder av 35 er saumen vanlegvis heilt lukka. Dette tydar at ein enkelt kan avgjere om eit menneske er yngre enn 29 år ved å studere pilsaumen. Likeleis kan ein fastslå om personen var eldre enn 35 år.

Det finst to anatomiske kjennemerke på pilsaumen, kjend som bregma og vertex. Bregma blir danna av kryssinga mellom pilsaumen og koronarsaumen. Vertex er det høgaste punktet på hovudskallen, og ligg ofte nær midtpunktet på pilsaumen.

Ved fødsel er knoklane i hovudskallen fråskilde. Av og til kan dei vekse saman for tidleg, ein tilstand kjend som kraniosynostose, som kan føra til skallemisdanningar. Viss pilsaumen lukkar seg for tidleg vil det føre til at skallen blir lang, smal og kileforma, ein tilstand kjend som scafocefali.

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (5. november 2015). «pilsøm». Store medisinske Leksikon. Henta 28. februar 2015. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • "Sagittal suture Arkivert 2016-06-29 ved Wayback Machine.", Stedman's Medical Dictionary, 27th ed. (2000).
  • Moore, Keith L., and T.V.N. Persaud. The Developing Human: Clinically Oriented Embryology, 7th ed. (2003).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]