Suur Munamägi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suur Munamägi
fjell
Suur_Munamägi er den skogkledde haugen i bakgrunnen.
Land  Estland
Høgd 318 moh.
Kart
Suur Munamägi
57°42′51″ N 27°3′36″ E
Wikimedia Commons: Suur Munamägi

Suur Munamägi («Store eggfjell») er den høgaste toppen i Estland og Baltikum med ei høgd på 318 moh. Han ligg ved landsbyen Haanja i Võru fylke i det søraustlege hjørnet av Estland, nær grensa til Latvia og Russland. På toppen er det bygd eit 29 meter høgt observasjonstårn, som ein må betale for å kome til topps i. Tårnet vart bygd i 1939, og påbygd i 1969.

Det blå/svart/kvite estiske flagget vart heist på Suur Munamägi 1. juli 1987, over 4 år før Estland vart sjølvstendig.