Suvasvesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suvasvesi
innsjø
Satellittbilete av Suvavesi
Land  Finland
Innsjøtype Nedslagskrater
Tilsig Iso-Kalla
Utløp Heinävesistråten
Høgd over havet 82 moh.
Lengd 50 km
Breidd 15 km
Areal 233,58 km²
Middeldjupn 10 m
Største djupn 89 m
Volum 2,3 km³
Kystlengd1 761 km
Koordinatar 62°42′N 28°10′E
Øyar 688
Byar Kuopio
Kart
Suvasvesi
62°39′N 28°12′E / 62.65°N 28.2°E / 62.65; 28.2
Wikimedia Commons: Suvasvesi
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Suvasvesi er ein innsjø i Finland, nær byen Kuopio. Suvasvesi består av to sirkelforma open innsjøar, Kuukkarinselkä i nord og Haapaselkä i sør. Innsjøane er delt av ei gruppe øyar, og totale har innsjøen 688 øyar. Arealet på innsjøen er 234 km², og han er dermed den 17. største innsjøen i Finland. Kuukkarinselkä er òg uvanleg djup for ein finsk innsjø, og er 89 meter på det djupaste.

I 2001 vart det funne slagkjegler i Kuukkarinselkä, og han vart dermed det sjette kjende nedslagskrateret i Finland. Krateret, som vanlegvis vert kalla Suvasvesi Nord, ligg midt i Kuukkarinselkä og har ein diameter på 3,5 km. Ein veit lite om alderen på krateret, men ein har estimert det til å vere mellom 780 og 240 millionar år gamalt.

Suvasvesi, der nedslagskratera er merkte med grått.

Haapaselkä er den sørlege delen av innsjøen, og her òg meiner at å ha funne eit nedslagskrater. Haapaselkä-krateret vert vanlegvis kalla Suvasvesi Sør. Det er om lag like stort, men ein har ikkje estimert alderen på dette krateret enno. Det kan vere knytt til krateret i nord, og Suvasvesi kan dermed vere eit svært sjeldant dobbelt nedslagskrater.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]