Suvdøla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°9′1″N 9°48′57″E Suvdøla er ei elv i Drangedal kommune i Telemark. Ho har utspringet sitt på Gautefallheia, så vidt inne i Nissedal kommune. Største vatn her er Holmevatnet. Elva renn saman med Daleelva/Loneelva, like før desse munnar ut heilt nord i Bjorvatnet, ved Bø i Tørdal. Systemet er ein del av Kragerøvassdraget.

I samband med Suvdøla har Drangedal everk etablert to kraftstasjonar; Suvdøla kraftverk (1960) og Suvdal kraftverk (2004), med ein samla midlare årsproduksjon på 40 GWh.